NRK Meny

Identifiserer storbrukarar

Ti prosent av pasientane i Nord-Norge står for to tredelar av ressursbruken i Helse Nord. Det skriv nettstaden Dagens Medisin. Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering i Helse Nord RHF har i ein rapport identifisert storforbrukarane av helsetenester i nord. Rapporten konkluderer at skreddarsydde tiltak for å forbetre tilbodet for desse pasientane, kan ha eit større potensial for kvalitetsheving og sparing enn tiltak som bli retta mot mindre ressurskrevjande pasientar, skriv Dagens Medisin.