Hopp til innhold

I fjor booka Ole Paus seg sjølv - i år ba jazzstjerne om å få kome tilbake

Årets Kråkeslottfestival byr på visesong, amerikanske gjestar - og feiring av ein hundreåring som ikkje lenger er blant oss.

Kråkeslottet på Senja i Troms.

På Kråkeslottet i den vesle bygda Bøvær på Senja har det blitt arrangert festival sidan 2004. Sommaren 2016 blir intet unntak.

Foto: Senjafoto / NRK

– Dette er den største festivalen vi har laga. Vi har ikkje så mykje plass i Bøvær, det er vel fire fastbuande der no, så det er litt vanskeleg å utvide, både når det gjeld plass og dagar, så derfor har vi pressa artistar og kunstnarar inn i alle romma vi har der ute.

Det seier Pål Moddi Knudsen, om årets utgåve av Kråkeslottfestivalen. Festivalen som blir arrangert på det tidlegare fiskebruket ved namnet Kråkeslottet i den vesle bygda Bøvær på Senja, kan du i år besøke 3. til 5. juni.

Festivalen har blitt arrangert sidan 2004, og ei av ildsjelene bak det heile, Pål Moddi Knudsen, meiner festivalen har utvikla seg sidan den gong:

– Den har fått fotefeste nasjonalt. Alle musikarar i Norge veit kva Kråkeslottfestivalen er, og ønsker seg hit. Ifjor booka Ole Paus seg sjølv, og vi har eit par slike i år også, artistar som tryglar om å få kome, fortel senjaartisten, som sjølv har vore involvert i festivalen sidan 2006.

Mann med blondt krøllete hår

Pål Moddi Knudsen er glad for at Kråkeslottfestivalen har fått fotfeste nasjonalt.

Foto: Tonje Bergmo / NRK

Feirar 100-årsdag

På årets festival skal det også feirast at det er 100 år sidan Kråkeslottet sin grunnleggar, Ulf Willgohs-Knudsen, blei fødd. Dette gjer dei mellom anna ved å rydde plass på programmet til teater, eit kunstuttrykk Willgohs-Knudsen hadde sansen for. Humorist, forfattar, kåsør, skodespelar og vesteråling Marianne Meløy kjem til Kråkeslottet med ein heilt ny tekst for teaterscena.

I tillegg kjem jazzartist Solveig Slettahjell, som sjølv har bedd om å få kome tilbake til festivalen, rockybillybandet Toini & the Tomcats og visemusikarane bak albumet «På stengrunn». Plata, basert på Rudolf Nilsen sine dikt, kom ut på 70-talet og har fått klassikarstatus sidan den gong.

I tillegg kjem det for første gong utanlandske artistar til festivalen, nemleg Faun Fables frå USA, som i følgje festivalen sjølv speler ein sær, lekande, heilakustisk folkmusikk av ein type ein ikkje finn her til lands.

I formiddag inviterte festivalen til programslepp på Skaland. Dei oppmøtte på puben Pila fekk da ein liten smakebit på programmet. 17 år gamle Daniela Reyes skal spele opningskonserten på årets festival, heilt aleine, med loopstation, gitar og trekkspel.

Daniela Reyes spiller på Kråkeslott-slipp

Daniela Reyes skal spele opningskonserten på årets Kråkeslottfestival.

Foto: Kråkeslottfestivalen