Hopp til innhold

I bakken her skjular det seg fleire millionar tonn kalk - no kan det bli gruvedrift

400 millionar tonn kalk i bakken kan bety gruvedrift i Ibestad.

Perry Kaspersen på Rolla

Geokonsulent Perry Kaspersen fortel at det kan vere rundt 400 millionar tonn kalk i bakken på Rolla.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Det er stor optimisme i Ibestad for å få igong ei kalkgruve, etter at det har blitt funnet store mengdar kalk i områda Breivoll og Skog. Gruva kan gje 30-40 nye arbeidsplassar i kommunen.

Kjerneboringer som ekspertar har foretatt anslår at det er eit 60 meter tykt kalklag under bakken, som strekk seg over fleire kvadratkilometer.

Men det kan vere enda meir, seier bergingeniør og prosjektleiar Perry Kaspersen.

– Det kan nok vere rundt 400 millionar tonn i den delen vi har undersøkt, og da har vi reikna litt grovt. Kor mykje det kan vere på heile Rolla, det er vanskeleg å svare på, for det er jo horisontar utover som vi ikkje har undersøkt, fortel Kaspersen.

– Dette er det mogleg å tene pengar på?

– Ja, det trur vi. Det er i alle fall det vi håpar på, seier han.

Treng arbeidsplassane

Kalk er eit mineral med mange bruksområde. Mellom anna vert det nytta i medisin og i maling, i tillegg til at det vert nytta i jordbruk.

Dei store funna av det allsidige mineralet er godt nytt, meiner ordførar i Ibestad, Dag Sigurd Brustind. Kommunen har saman med fylkeskommunen brukt mykje pengar på å undersøke om kalkforekomstane kan vere starten på eit nytt industrieventyr. Ordføraren har eit håp om at dette vil skape mange nye arbeidsplassar i kommunen.

– Vi har lyst til å skape ei framtid her i Ibestad, og da må det arbeidsplassar til. Desse arbeidsplassane må vi ha, seier Brustind til NRK.

Kan ikkje seie nei

Han meiner det er all grunn til å vere optimistisk. I dag vart det arrangert eit folkemøte der lokalbefolkinga og grunneigarane vart orientert om funna.

– Kan dette bety starten på ei kommersiell gruvedrift på Rolla?

– Eg meiner at vi ikkje kan seie nei til moglegheiter. No må vi tørre å satse på at det er industrielt mogleg og at vi vil få investorar. Om det blir om eitt år, fem år eller ti år, det får tida vise, men vi vil jobbe knallhardt for å få det til, seier Brustind.