Hopp til innhold

Hør The Late Great: – Kjærleiken inspirerer meg

Musikk frå 50- og 60-talet har inspirert musikar Tor Thomassen til å gå ned nye musikalske vegar.

Tor Thommasen, Ottar Tøllefsen

Hør The Late Great framføre «Jinx» i studio hos NRK Troms.

Tor Thomassen er kjent blant mange som vokalist i bandet Vishnu. I dag er det premiere på singelen «A Young Lover's Dream» som han har laga saman med sitt nye musikalske prosjekt The Late Great. Bandet starta som ein trio, men har etter kvart fått fleire krefter og er no eit fulltalig orkester, med Thomassen i spissen for det heile.

No har han og bandet spelt inn songar nok til å gje ut eit heilt album, som kjem ein gong på vårparten. Om den ferskaste singelen «A Young Lover's Dream», ei kort låt på eitt minutt og femti sekund, seier han følgjande:

– Det er ein kjærleiksballade, ein liten serenade med kassegitar og munnspel. Eg har blitt inspirert av låtskrivarar frå 50- og 60-talet. Du må få levere som er viktig i ei låt på kort tid, fortel Thomassen om inspirasjonen.

50- og 60-talet

Etter at dagane i Vishnu var over, heldte han fram med musikken for seg sjølv. Men etter kvart tok han med seg materialet i studio saman med musikaren og kollegaen Ariel Joshua Sivertsen. Det var fort klart at dei måtte ha fleire med seg.

– Vi tok med oss fleire folk i studio, og det bygga seg ut med vener og folk vi har spelt med før, og vi har no eit kanonbra liveband som også er med på plata, seier Thomassen.

Musikken er inspirert av idol som Bob Dylan og Neil Young, og musikk frå 50- og 60-talet. For Thomassen er det viktig å snikre gode låtar:

– Eg har ikkje tolmod til å øve på skala og bli ein betre songar, men å skrive og formidle ei låt er meir viktig for meg.

– Kva blir du inspirert av?

– Kjærleiken inspirerer meg, seier han med ein liten latter.

  • Musikaren gjesta Morten Kræmer i morrasendinga fredag saman med Ottar Tøllafsen (piano). Det musikalske resultatet av besøket kan du sjå øvst i saka.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark