NRK Meny
Normal

Her er alt gratis: – Folk kan kome hit, vi har både klede og sengetøy

LONGYEARBYEN, SVALBARD (NRK): Dei evakuerte på Svalbard får hjelp i alle formar. I formiddag har Bruktikken i Longyearbyen blitt fylt opp av ting som dei evakuerte kan få gratis.

Karolina Paquin og Anna Stella Gudmundsdottir

Karolina Paquin frå Canada og Anna Stella Gudmundsdottir frå Island er på plass i Bruktikken for å sørgje for at folk har det dei treng.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

I eit lite hus plassert mellom postkontoret og Svalbardbutikken i gågata i Longyearbyen, held den vesle «Bruktikken» til. Konseptet er enkelt: Her kan folk levere ting dei ikkje treng eller ser nytte i lengre, og så kjem det andre til gode.

Alt i «Bruktikken» er gratis. Det vesle lokalet er fylt av klede til liten og stor. Her heng jakker som aldri har blitt brukt, og her står bøker som trygt toler å bli lese ein gong til.

Når NRK er innom, sit Anna Stella Gudmundsdottir frå Island og Karolina Paquin frå Canada klar for å ta imot dei som har evakuert og som treng dei mest grunnleggjande tinga. 170 personar er evakuert frå heimen sine og får ikkje dra heim for å hente eigendelane sine.

– Folk kan kome hit, vi har mykje, både klede og sengetøy, fortel Gudmundsdottir.

I formiddagstimane kom svalbardfolket innom for å donere ting, både sportsklede, julekjolar og heilt nye dunjakker.

Klær i Bruktikken

I Bruktikken kan både liten og stor finne noko å ha på seg.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Les også: – Hus flyttet 80 meter av snømasser

Vil heim til jul

Kanadiske Paquin måtte sjølv evakuerast frå huset ho bur i. Da raset gjekk laurdag formiddag, var ho med i redningsaksjonen og lét derfor ting ligge heime.

Ho fekk beskjed om at ho måtte evakuere etter at ho hadde dratt ut for å hjelpe til. Etter planen skal ho reise heim til Canada på juleferie på tysdag, men:

– Passet mitt ligg heime, og eg får ikkje kome heim no. Eg trur nok at eg får kome heim snart, for det ser ikkje så ille ut i dag som det gjorde i går. Eg er håpefull. Om ikkje, så må eg vel berre vere her i jula. Familien min blir nok skuffa om eg ikkje kjem meg heim, men det er berre slik det er, seier ho roleg.

Du verkar ikkje trist?

– Det er folk i verda som er i ein mykje verre situasjon, eg har ei behageleg leilegheit, folk er hyggelege, byen står opp for kvarandre. Eg har ingenting å klage på, absolutt ingenting, seier kanadiaren.

Klær på Bruktikken

Bøker, ting til kjøkkenet, klede og alskens anna er gratis på Bruktikken.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Les også: Atle Husby omkom i snøskredet

Heilt forferdeleg

Dei to damene kan ikkje rose lokalsamfunnet nok for jobben dei har gjort med å stille opp for kvarandre.

– Folk har verkeleg kasta seg rundt og fått ting gjort, meiner dei begge.

Når NRK er innom, kjem det folk inn døra for å sjå kva som finst her. Ei dame frå Kroatia ser seg rundt og leiter etter noko å ha på seg. Ein gjeng damer finn ei dunjakke og eit par varme barnesko, og smiler på vegen ut.

– Det som har skjedd, er heilt forferdeleg, men det er den beste plassen det kunne ha skjedd på. Folk her er godt trent for snøskred, og var klare til å rykke ut da det skjedde, seier Anna Stella.

Bruktikken i Longyearbyen

Bruktikken ligg i eit lite hus mellom postkontoret og Svalbardbutikken i gågata i Longyearbyen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK