Hopp til innhold

Har tatt i bruk tørrdokk til 150 millionar kroner

Den største private investeringa i næringslivet i Harstad på mange år blei tatt i bruk i dag: Ei topp moderne tørrdokk!

Den største private investeringa i næringslivet i Harstad på mange år ble tatt i bruk i dag. 
Den topp moderne tørrdokken ligger på gamle Kaarbøtomta midt i byen, og skal kunne ta inn de største hurtigruteskipene til reparasjon

Topp moderne tørrdokk på plass på den gamle Kaarbøtomta i Harstad. Foto/redigering: Nils Mehren.

  • Sjå video øvst i saka!

I eit vakkert aprilvêr ligg tørrdokka på den gamle Kaarbøtomta midt i byen. Her skal alt vere klart til å kunne ta inn dei største hurtigruteskipa til reparasjon.

Her er det investert så langt for 150 millionar kroner.

Oddvar Jørgensen

Oddvar Jørgensen i Hamek gler seg til å kome i gang.

Foto: Nils Mehren / NRK

– No gler vi oss til å få kome i gang her, og å få køyrt dokka litt inn, seier Oddvar Jørgensen i Hamek AS.

Ein stor dag

Han meiner det er mange fordeler med å jobbe i den nye dokka:

– Ein kjem inn på ein betre måte og kan jobbe på ein heilt annan måte enn før, seier ein nøgd arbeidar.

Det er ein stor dag, synst også administrerande direktør i Hamek AS, Peter Slump.

Peter Slump

Dette har vi venta lenge på, seier administrerande direktør i Hamek, Peter Slump.

Foto: Nils Mehren / NRK

– Vi har vore spente lenge, og vi har venta lenge på dette.

No framover er det fulle ordrebøker og stor pågang, seier Slump:

– No for tida går det bra, og mange spør når vi er ferdige med dokka.

Plass til ei hurtigrute

Og med sin imponerande storleik er nok tørrdokka nyttig for mange store skip.

Dokka er 145 meter lang, 27 meter brei, og kanskje viktigast av alt: Den er 9,5 meter djup. Dermed får ei hurtigrute plass her.

Og for dei som er engstelege: Eit reinseanlegg skal vere på plass for å fange opp farlege stoff og spillvatn frå dokka, så det ikkje hamnar i det nyrensa hamnebassenget.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark