Entreprenørskap har blitt ei viktig greie i den vidaregåande skulen, med fleire konkurransar der ungdommen får moglegheita til å prøve seg som gründerar.
På Heggen vidaregåande skule i Harstad har dei ein eigen entreprenørskapsklasse.
No jobbar LO med eit heilt studieprogram for gründerar. Programmet skal gå over tre år, med 12 deltakarar kvart år.
– Så snart finansieringa er på plass, startar løpet, seier LO-sekretær i Troms, Synnøve Søndergård.
Ho ser for seg at fleire vil samarbeidet om å få dette studieprogrammet på plass:
– Vi jobbar no på å få på plass finansieringa, både gjennom LO, NHO og kanskje også Sparebanken Nord-Norge går inn her, seier Søndergaard.
Vil nå unge talent
Initiativet om å lage eit ambassadørprogram for unge gründerar kom etter ein konferanse arrangert av Agenda Nord-Norge i Troms i fjor haust. Dette programmet har no LO overtatt eigarskapet til.
– Dette er eit program som er retta mot unge, kommande leiarar. Og da er det viktig å vise verdien av eit organisert arbeidsliv. Og her er LO heilt klart ein viktig aktør, meiner Søndergaard.
Målet er å nå ut til dei som har lyst til å skape eit ekstra løft for Nord-Norge.
– Dette ambassadørprogrammet skal løfte dei unge som er i etableringsfasen. Det er mange unge kunstnarsjeler som har lyst til å vere i landsdelen, og bere landsdelen framover.
- Les også:
Treng millionbeløp
Men det er ikkje småpengar som skal til dersom programmet skal kome i gang. Her er det snakk om millionbeløp som må på plass.
– For ein treårsperiode treng vi mellom seks og åtte millionar kroner, seier Søndergaard.
- Les også:
- Les også:
Snart startar jakta på dei unge talenta.
– Vi skal ha ein utlysningsprosess, og det er derfor LO er engasjert. Vi vil også vere med å påverke slik at det blir mogleg for til dømes unge tillitsvalde å søke på dette programmet, avsluttar LO-sekretæren.