Hopp til innhold

Grasbrann slukka

Grasbrannen i Nordvik i Harstad er no slukka. Det melder 110-sentralen i Bodø. Brannvesenet slukka brannen like før klokka halv fem søndags ettermiddag. Om lag 3 mål gras gjekk med, men det var aldri fare for bygningar, då det brann sørover, vekk frå busetnad.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark