NRK Meny

Gatelangs utan refleks

Den siste veka har Statens vegvesen fått fleire uromeldingar om asylsøkjarar som går langs E8 på kveldstid utan refleks, på veg mellom asylmottaket Brennfjell leir og sentrum av Skibotn. Det skriv Nordlys. Gamle Brennfjell leir er tatt i bruk som asylmottak og huser 140 flyktningar, som no skal få opplæring i trafikktryggleik, skriv avisa. Brennfjell leir ligg sju kilometer unna sentrum av Skibotn.