Hopp til innhold

Fylkesrådet garanterer båttilbod i Kvænangen

Innbyggarar og feriefolk i veglause bygder i Kvænangen og Skjervøy i Troms skal no vere sikra eit tilbod med båt også etter 1. mai.

Kvænangsruta

Kvænangsruta er det eineste transporttilbodet til fleire bygder i Nord-Troms.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Fylkestinget diskuterte i dag framtida til Kvænangsruta i Nord-Troms. Båten trafikkerer mellom veglause bygder nord i fylket, men framtida til båtruta har i det siste vore usikker. Fylkesrådet har vedtatt å leggje ned ruta i sin noverande form. Anbudane på denne ruta blei mykje dyrare enn antatt.

Dette vil seie at både person-, gods- og ambulanseteneste er vedtatt lagt ned frå 1. mai 2015.

No skal det innleiast samtaler med rederier som kan overta ruta frå mai.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ivar B. Prestbakmo

VIL FINNE ALTERNATIV: Fylkesråd for samferdsel seier dei no vil ha ein mellombels kontraktperiode for Kvænangsruta frå 1. mai til 1. januar 2016.

Foto: Laila Lanes / NRK

Uklart kva slags båt det blir

– No vil vi ha ein mellombels kontraktperiode frå 1. mai til 1. januar 2016, seier fylkesråd for samferdsel, Ivar B. Prestbakmo (Sp).

Kva slags båt som vil vere på plass frå 1. mai vil Prestbakmo førebels ikkje seie noko om.

– Det skal reknast på av dei som skal rekne på det, nemleg operatørane. Og da vil det vere krav til klassing, til tal på passasjerar og gods. Dermed vil tilbodsrunden avgjere kva slags båt det blir.

– Det vil framleis vere eit forsvarleg og godt tilbod, lovar John Karlsen frå Frp og legg til:

– Vi skal ha eit midlertidig tilbod på plass fram til 2016, deretter blir det eit permanent tilbod ut til 2018. Så må vi ha ein god dialog med UNN, sånn at vi i samarbeid kan ha eit best mogleg tilbod.

Avtala med UNN går ut 30. april

UNN har vore med og betalt for Kvænangsruta, da båten også har vore brukt som ambulanse. Den gamle kontrakten for ruta kosta om lag 11 millionar kroner, og UNN bidrog med 3,3 millionar. Dei to nye anboda som har kome inn, har ein kostnad på over 18 millionar.

UNN har uttalt at dei ikkje har råd til å vere med på ei finansiering.

Kva skjer så med ambulansetilbodet frå 1. mai?

– UNN er ansvarlege for ambulanseberedskapen. Og dei har ei avtale om sin delfinansiering i dag, og denne avtala går ut 30. april, seier Prestbakmo og legg til:

– Dei har sagt at dei har ikkje meir pengar på budsjettet i år enn dei 3,3 millionane, og det vil seie at dei må finne ei løysing på sitt ambulansetenestebehov, som er deira ansvar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark