Hopp til innhold

– Vi er sikkert dei einaste som er skikkeleg glade for at det kjem så mykje snø no!

To blide programleiarar er klare til å stå opp tidleg saman med deg heile påska. Og kanskje kjem Kråka på besøk...

Selda Ekiz og Christer Johnsgård

Selda Ekiz og Christer Johnsgård er klare for å spre godt humør heile morgonen, frå klokka 07.30.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

For femtande gong skal Påskemorgen sendast direkte frå Tromsø, ti morgonar på rad. Den store gule lavvoen er sett opp utanfor NRK Troms, og dei siste dagane har snøen falt ned som kvitt gull frå himmelen.

– Vi er sikkert dei einaste som er skikkeleg glade for at det kjem så mykje snø no, seint i mars, ler Christer Johnsgård.

Saman med Selda Ekiz skal han skape påskestemning for store og små, direkte frå Nordens Paris, og dei to blide programleiarane lover at det blir moro for alle pengane.

Selda Ekiz og Chrsiter Johnsgård gleder seg til en ny sesong av "Påskemorgen".

Fysikkforsøk i Seldas Lab

På programmet står sjølvsagt konkurransar, teiknefilm, påskekrim med kjente skodespelarar og besøk frå forskjellige gjestar.

– Og så skal vi ha noko heilt nytt: Seldas Lab, fortel Johnsgård, før Ekiz ivrig tar over:

– Ja, eg skal gjere ulike fysikkeksperiment, i min eigen lab. Eg skal vise at fysikk kan vere veldig morosamt!, seier Ekiz, som er utdanna fysikar og tidlegare har vore programleiar i Newton.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Selda Ekiz og Christer Johnsgård

Fart og moro i førebuingane til Påskemorgen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Ballettfotball og besøk frå ei barne-tv-stjerne

I tillegg til at Selda skal prøve å få Christer til å bli interessert i fysikkens spennande verd, skal Christer gjere sitt for at Selda skal få auga opp for hans store kjærleik: Sport.

– Derfor har eg laga noko som heiter Christers Sportshjørne, der eg skal teste ut 10 nye typar sport, fortel han engasjert.

Ved å kombinere ulike sportar, håpar han å finne opp ein ny sport som kanskje kan bli ei OL-gren – i alle fall håpar han at barna som ser på, kan få lyst til å teste ut sporten sjølv.

– For eksempel skal vi teste ut "ballettfotball". Eg kjenner ein som har gått på ballett som har lært meg nokre triks, seier Johnsgård blidt – og legg ikkje skjul på at han sjølv er over gjennomsnittet glad i fotball.

Men det er ikkje berre fysikkforsøk og nye sportar som skal få skjermtid når Påskemorgen startar opp på laurdag. Ein kjenning frå barne-tv dukkar nemleg også opp:

– Ja, det må du få med – Kråka kjem på besøk, kvar dag!