Fylkesmannen: Tromsø kommunes arealplan er i strid med lova

I august vedtok kommunestyret i Tromsø kommuneplanens arealdel for 2015 – 2026. No har Fylkesmannen konkludert med at vedtaket er ugyldig.

Ragni Løkholm Ramberg, Jarle Aarbakke og Kristin Røymo

Ragni Løkholm Ramberg, Jarle Aarbakke og Kristin Røymo under pressekonferansen.

Foto: Laila Lanes / NRK

Ordførar Jarle Aarbakke legg fram vedtaket frå Fylkesmannen i Troms i ein pressekonferanse no, kor det kjem fram at kommunestyret sitt vedtak frå august er ugyldig.

– Vi vil følgje dette opp og framme ei ny sak for kommunestyret, noko vi gjer i 2016, med grundig gjennomgong før kommunestyret si behandling, seier Aarbakke.

Byrådsleiar Kristin Røymo seier dette er ei alvorleg sak, fordi det kan ha konsekvensar for privatpersonar og næringsliv.

– Dette var også det vi frykta da vi fikk saka opp til behandling i august, og derfor foreslo vi også å utsetje saka minimum ein månad slik at kommunestyret kunne vere klar over dei reelle konsekvensane i planen, seier Røymo.

– Ikkje god nok oversikt

Røymo seier det ikkje var god nok oversikt over meir enn 80 tilleggsforslag som kom inn til planen.

– No har det gått nokre månadar sidan vedtaket blei gjort, og vi beklagar at det no må opphevast. Planen er altså no kjent ugyldig, seier Røymo.

Faglege anbefalingar må vere kjent for alle som skal behandle saka, og det er politikarane si oppgåve å gjere seg kjent med desse, noko som ikkje var gjort, meiner Røymo.

Dette blir ein ryddejobb frå byrådet si side, seier Røymo:

– Vi kjem til å skaffe oss ei oversikt over kva slags konsekvenser denne ugyldigheita får, både for enkeltpersonar og for byen som sådan. Og så startar vi jobben med å framme ein arealplan for kommunestyret så snart som mogleg.

Får konsekvensar

– Dette er ikkje ein akuttsituasjon, vi følgjer no det tidlegare regelverket, og vi bruker den arealplanen som er allereie no, seier byråd for byutvikling, Ragni Løkholm Ramberg og legg til:

– Vi vil sjølvsagt bistå med hjelp til dei som treng det, med tanke på ny behandling.

Ramberg understrekar også at dette er ein politisk feil, ikkje ein administrativ feil. Byråden peiker også på at det er det tidlegare byrådet som må ta støyten for feilen som er gjort.

– Dette får konsekvensar får dei som bur her, det er ikkje berre for oss. Vi må slippe til faglege grunngjevingar, for å gjere informerte og gode vedtak, seier Løkholm Ramberg.

På spørsmål om korfor planen blei vedtatt i august, svarar Røymo at det var eit hastverk over det heile:

– Dersom ein hadde ønska det, hadde ein ikkje trengt meir enn ein månad ekstra til å setje seg inn i tilleggsforslaga, slik at kommunestyret kunne gjere eit opplyst vedtak, seier Røymo.

- Det var i det heile tatt ei politisk avgjerd å vedta planen, ikkje ei fagleg avgjerd, legg Ramberg til.