Hopp til innhold

Fylkesmannen: – Denne gongen var vi godt budd

Fylkesmannen i Troms, Bård Pedersen, er nøgd med at beredskapen fungerte bra da stormen «Ole» slo til laurdag.

Plasthall Senjahopen

Denne hallen i Senjahopen fekk store skader laurdag.

Foto: Tor Even Mathisen / NRK

– Vi såg tidleg at det var viktig å vere godt budd igjen, så vi sette folk på vakt og hadde god kontakt med kraftleverandørar, teleoperatørar og politiet. Dessutan tilbydde Brigade Nord seg å hjelpe til om vi måtte ha aggregat, og det var svært positivt.

Slik oppsummerer fylkesmannen i Troms, Bård Pedersen, beredskapen som var på plass da ekstremvêret «Ole» raste i fylket i helga. Sjølv om vêret ikkje vart så ille som frykta, meiner fylkesmannen at det var all grunn til å vere på vakt.

For viss stormen skulle bli så ille som det var meldt, sto beredskapen mannsterke og klare til å rykke ut.

– Det var ganske intenst over ein kort periode, i alle fall her i Tromsø. At vi har hatt uvêr, er det inga tvil om, sjølv om det ikkje blei så omfattande som meteorologane hadde meldt.

Skrolsvika

Stormen slo godt inn på Senja. Her frå Skrolsvika, kor straumen vart borte på grunn av 'Ole'.

Foto: Bernt Olsen/NRK

Mykje betre kommunikasjon

Det er berre litt over ei veke sidan landsdelen vart råka av kraftig uvêr, noko som førte til at store delar av Nord-Norge var utan straum i fleire timer. Fylkesmannen var i ettertid kritisk til manglande kommunikasjon mellom dei ulike aktørane.

Denne gongen var kommunikasjonen mykje betre, meiner Pedersen.

– Alt tyder på at folk var betre budd denne gongen. Både kraftleverandørane og teleoperatørane hadde ekstra mannskap på jobb, noko som gjorde at dei raskt kunne reise ut og rette opp feil der det blei straumutfall, seier han.

På Kaldfarnes på Senja er ein telestasjon ute av drift, men elles er mobilnettet oppe og går. Fylkesmannen seier at situasjonen etter uvêret no er i ferd med å normalisere seg.

Ikkje overdrevet

Det har blitt meldt inn skader på bygg, som garasjar og naust, men førebels har det ikkje kome meldingar om skader på hus, slik som i Nordland.

Fleire har i ettertid vore skeptiske til at meteorologane melde ekstremvêr, meiner Pedersen det var på sin plass å gå ut og åtvare om vêret som var på veg.

– Det var absolutt ikkje overdrevet, for det er inga tvil om at det var ekstremvêr. Dessutan gjorde det at vi var meir på allerten enn førre gong, seier han.