Hopp til innhold

Fylkesmannen er uroa: – Vi får ingen informasjon frå UDI

Fylkesmannen i Troms er uroa over manglande informasjon frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om kor det blir oppretta nye asylmottak.

Bård Pedersen, fylkesmann

Fylkesmannen i Troms, Bård Pedersen, er uroa over at kommunane ikkje får beskjed om kor mange asylsøkjarar som kjem til kommunen og kor dei blir plassert.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

Også Troms politidistrikt har etterlyst betre oversikt over mottak som er oppretta og kven som bur der.

Fylkesmann Bård Pedersen seier dei har tatt problemet opp med UDI gjentatte gongar den siste tida, og etterlyser meir informasjon frå UDI.

– Vi får ingen informasjon frå UDI om mottak under planlegging. Og dei har bekrefta at dei ikkje har kapasitet til å gje oss den informasjonen. Men vi har gjentatte gongar understreka at det er ei stor utfordring at vi får så lite informasjon om ting som er på gong, fortel Pedersen til NRK.

Kommunikasjonsproblem

Fylkesmannen har spesielt merka seg at mange ordførarar ikkje får beskjed om at det skal opprettast mottak før i siste liten.

– Og eg har høyrt altfor mange ordførarar som beklagar seg over at dei ikkje er kjent med at det skulle kome flyktningar på så kort varsel. Og mange av dei får ikkje varsel i det heile tatt, seier Pedersen og legg til:

– Eg synest det er merkeleg at det ikkje går an å løyse det kommunikasjonsproblemet som viser seg.

– Har dokker tatt det opp med UDI?

– Vi har tatt det opp jamleg, for vi har møte med UDI kvar veke. Dei har så langt ikkje klart å løyse dette problemet fullt ut, meiner fylkesmannen.

UDI: Prioriterer å finne plass til dei som kjem

Kommunikasjonsdirektør i UDI, Ingeborg Grimsmo, seier til NRK at dei kjenner til denne frustrasjonen frå kommunane.

Grimsmo understrekar likevel at behovet for å plassere asylsøkjarar i mottak no er så stort at UDI må prioritere å skaffe tak over hovudet før dei varslar kommunane om kven og kor mange som kjem.

Ingeborg Grimsmo

Kommunikasjonsdirektør Ingeborg Grimsmo i UDI seier hjelpebehovet er så stort at dei må prioritere å få plassert asylsøkjarane i mottak før kommunane får beskjed.

Foto: Nora Lie/UDI

– Vi må opprette mottak fortare enn vi rekk å snu oss. Hos oss er situasjonen slik at vi treng 400 nye overnattingsplassar i natt, og da er spørsmålet kor vi skal finne dei, seier Grimsmo og legg til:

– Det er veldig beklageleg at kommunane ikkje får beskjed og vi forstår frustrasjonen over at folk ikkje får vite. Men akkurat no har vi ein høg beredskapssituasjon i Norge som gjer at vi er nøydd til å hjelpe raskt.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark