Hopp til innhold

Fryktar flaum, oversvømming og jordskred

NVE, Meteorologisk institutt, Sysselmannen på Svalbard og lokalstyret i Longyearbyen følgjer vêrsituasjonen på Svalbard nøye etter at obsvarsel vart sendt ut søndag kveld.

Longyearbyen i mørketid.

Frå måndag til tysdag er det venta lokalt store nedbørsmengder i vestlege område på Spitsbergen.

Foto: Ekseth, Ivar / NTB Scanpix

– I oktober hadde vi to hendingar med mykje nedbør som kom inn over Svalbard og Longyearbyen. Da det var varsla opp mot 30 millimeter nedbør, blei det den gong knappe 20 millimeter. No er det varsla ein god del meir, opp mot 50 millimeter, seier Knut Hoseth, fungerande regionleiar i NVE.

Saman med Meteorologisk institutt, Sysselmannen på Svalbard og lokalstyret i Longyearbyen, følgjer dei med på vêrsituasjonen på øygruppa i nord etter at det søndag kveld vart sendt ut OBS-varsel frå meteorologen.

Allereie søndag føremiddag kalla Sysselmannen på Svalbard inn til hastemøte om situasjonen. Saman med lokalstyret i Longyearbyen prøvde dei da å få ei oversikt over kva slags konsekvensar dei store nedbørsmengdene kan føre til og kva for tiltak ein skal gjere.

Hoseth i NVE seier dei no ventar på eit oppdatert varsel frå Meteorologisk institutt før dei kan seie kva slags farar som er knytt til vêret.

– Det er ikkje berre eit varsel om nedbør, men også om temperatur, så temperaturforholda vil vere avgjerande for kva som vil skje. I utgangspunktet er det veldig store nedbørsmengder det er snakk om, og dette vil kunne bidra til flaum og oversvømming og jordskred, seier Hoseth til NRK.

I bakken på Svalbard er det no frost og tele, og dette vil kunne gjere situasjonen betre med tanke på jordskred, men det er meir ugunstig med tanke på flaum, fortel Hoseth.

– Er flaum det verste som kan skje?

– Nei, det kan vi ikkje seie noko om enno. Vi skal hjelpe lokale myndigheiter til å vurdere situasjonen når vi har fått eit oppdatert vêrvarsel.

Jordskred Svalbard

Desse jordskreda gjekk i Longyearbyen i oktober.

Foto: Roger Zahl Ødegård/Trond Olsen, Sysselmannen på Svalbard

Kan true vegar og infrastruktur

I følgje Hoseth har ikkje NVE planar om å reise til Svalbard for å følgje opp situasjonen, men vil hjelpe lokale myndigheiter til å vurdere tiltak når dei får eit oppdatert vêrvarsel.

Dersom dei store nedbørsmengdene som er venta, fører til jordskred, er det mykje som står på spel:

– Det kan bety at ein kan få hendingar som truer vegar og infrastruktur, men også bebygging, og det er dette vi vil sjå nærmare på, seier Hoseth.

– Kor stor skade kan det gjere?

– Det må vi sjå nærmare på, men generelt kan ein seie at heile naturen og området ved Svalbard er prega av denne type hendingar. Det har vore mykje av denne type skred tidlegare.

Det er også venta at det vil kome mykje snø i fjellet over 500 meter og sterk storm, men Hoseth seier det førebels ikkje er fare for snøskred.

  • Fullstendig oversikt over OBS-varsel finn du her.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark