NRK Meny
Normal

Fryktar fengsel og tortur i Etiopia

Dei borgarlege kalla regimet i Etiopia eit diktatur då dei var i opposisjon. No vil dei senda asylsøkjarar med avslag tilbake med tvang.

Hara Olani Tolera

20 år gamle Hara bloggar kritisk om regimet i heimlandet Etiopia, og fryktar fengsel dersom ho blir tvangsreturnert tilbake.

Foto: Arild Moe/NRK / NRK

20 år gamle Hara Olani Tolera bloggar kritisk om brot på menneskerettane som skjer i hennar heimland Etiopia.

Ho bur på asylmottak på Sjøvegan i Troms, men fryktar no å bli sendt tilbake til regimet ho kritiserer på nett.

Etter å ha fått avslag på søknaden på asyl, kan ho bli returnert med tvang kva tid som helst.

– Når eg høyrer at folk kjem på døra heime, fryktar eg at det er politiet som kjem for å ta meg, seier ho. – Eg er redd heile tida.

Ho fryktar å bli fengsla i Etiopia, på grunn av den kritiske bloggen.

– Ein kan bli torturert, og i verste fall drepen i fengselet, seier ho.

Vil tvangsreturnera fleire

For to år sidan, i januar 2012, inngjekk den raudgrøne regjeringa ein kontroversiell returavtale med Etiopia.

Fleire organisasjonar kritiserte avtalen kraftig, på grunn av menneskerettssituasjonen i landet.

Men nye tal frå Politiets utlendingsenhet (PU) syner at berre ei kvinne har til no blitt sendt tilbake med tvang til Etiopia igjennom returavtalen.

Det skjedde i desember 2013.

No vil den nye regjeringa tvangsreturnera alle asylsøkjarar med avslag.

– Dei har fått avslag

– Alle som får nei på sine asylsøknadar, har plikt til å forlata Noreg, og dersom dei ikkje gjer det, må dei dessverre tvangsreturnerast, seier statssekretær i Justisdepartementet, Himanshu Gulati frå Frp.

Himanshu Gulati

Statssekretær Himanshu Gulati

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

– Vi meiner innsatsen den førre regjeringa gjorde ikkje var god nok, og berre i år vil vi auka talet på tvangsreturar generelt, med nær 40 prosent.

Forskar: – Inkonsekvent

Men før Høgre og Frp fekk regjeringsmakt, såg dei annleis på styresmaktene i Etiopia.

I eit stortingsmøte i februar 2012, kritiserte dåverande leiar i utanrikskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide frå Høgre, den raudgrøne regjeringa sitt samarbeid og politiske syn på menneskerettssituasjonen i Etiopia.

- Situasjonen har tilspissa seg når det gjeld menneskerettar i Etiopia, sa Eriksen Søreide.

Peter Myhre i Frp følgde opp; - Etiopia har alle kjenneteikn ved eit diktatur.

Det haldningsskiftet meiner forskar Lovise Aalen ved Christian Michelsens institutt i Bergen er problematisk.

- Framleis farleg

– Då Høgre, og til dels Frp, var i opposisjon, var dei ivrige med å stille kritiske spørsmål til dei raudgrøne sin politikk overfor Etiopia, som dei då meinte var eit undertrykkjande og autoritært regime.

- No står dei same partia i bresjen for å tvangsreturnera fleire asylsøkjarar til det same regimet, og meiner det er uproblematiske. Det er inkonsekvent og eit paradoks, seier Aalen.

Aalen forskar på den politiske situasjonen i Etiopia, og meiner lite har endra seg på dei to åra etter at returavtalen vart inngått og skapte stor debatt.

– Det er framleis farleg å uttrykkja seg kritisk i landet, seier forskaren.

– Etiopiarar kan returnerast

– Dette er personar som har fått avslag på sin asylsøknad og ikkje har lov til å vera i Noreg, og då kan dei heller ikkje få lov å vera her ulovleg, svarar statssekretær Hismanshu Gulati.

Så då er det greitt å senda dei tilbake til eit land de sjølv har kalla diktatur?

- Det er mange land som ikkje held dei same demokratiske standardane som Noreg, seier Gulati. – Men dette er landets eigne borgarar, folk som har budd der før dei kom til Noreg og søkte om asyl.

– Dersom ein ikkje har krav på beskyttelse i Noreg, så lyt ein dessverre reise igjen.