Hopp til innhold

Frå i dag kan du krysse av for din kandidat

Skal du reise bort og vere vekke lenge? Da kan det vere lurt å tenke på korleis du skal få stemt til kommune- og fylkestingsvalet i haust.

Tromsø Rådhus

Frå i dag kan du tidlegstemme - mellom anna her, på rådhuset i Tromsø.

Foto: Henriette Leine Wangen / NRK

Vallogo

14. september skal dei fleste av oss igjen besøke vallokala og stemme ved kommune- og fylkestingsvalet. Men nokre må av ulike årsaker ta på seg valhatten tidlegare.

Frå i dag av har du moglegheit til å gje frå seg det som vert kalla tidlegstemme, medan den ordinære og meir populære forhandsstemminga startar først 10. august.

  • Sjå oversikt over alle valfristane i faktaboks!

Marlene Uvsløkk ved Servicetorget i Tromsø kommune fortel at veljarane vil få lite ny informasjon å ta omsyn til når det gjeld stemmegjevinga i praksis.

– Når det gjeld perioden vi går inn i no, med tidlegstemming, så er det ikkje noko nytt. Det er same prosedyre som vi har hatt tidlegare. Dei som ikkje kan forhandsstemme under den ordinære forhandsstemmingperioden eller under sjølve valet, kan no avleggje si stemme, fortel Uvsløkk.

Kun ved gitte tidspunkt

Uvsløkk trur likevel ikkje at det er så mange som kjem til å stemme før i august:

– Under tidlegstemminga er det som regel ikkje det heilt store trykket. Vi reknar med at rundt 300 personar kjem innom. I forhandsstemmingperioden reknar vi derimot med at det kjem nærmare 12.000 personar, seier Uvsløkk.

Du kan forhandsstemme frå 10. august i alle kommunar, uansett om du bur i kommunen eller ikkje.

Uvsløkk understrekar samtidig at tidlegstemminga berre er tilgjengeleg ved gitte tidspunkt.

– Vi har tilbodet mellom 10 og 14 frå måndag til fredag.

Etter kvart vil det også bli mogleg å stemme heimanfrå.

– Vi vil kome med meir informasjon om heimestemming i slutten av august. Da vil det vere mogleg å stemme fram til 11. september, og da kjem vi heim til veljaren, fortel Uvsløkk.