NRK Meny
Normal

Frå 50 til 80 i Takelvdalen

Statens vegvesen endrar skiltinga av fartssona på E6 i Takelvdalen frå 50-sone til 80-sone.

Takelvdalen i Målselv i Troms
Foto: Illustrasjon: Thomas Sørensen / NRK

– Da det blei bart like før påske kom det ganske mange slaghol i vegen, og det var ein del ujevnheiter i dekket. Og på bakgrunn av ein del skadar på biler, fann vi ut at vi måtte varsle og setje ned hastigheita.

Det seier Rigmor Thorsteinsen, avdelingsdirektør i vegavdeling Troms i Statens vegvesen.

I dagane før påske fekk Statens vegvesen inn fleire skademeldingar på biler, særleg da vegen nærmast gjekk i oppløysing.

Men sjølv om fartssona no er sett opp igjen, betyr ikkje det at vegen er i god stand.

Opp til sjåførar å passe farta

– Vi gjer kontinuerleg reparasjonar av hola som er i vegen no. Derfor har vi no framleis skilt oppe som varslar om dårleg veg, men vi fjernar skilt om «redusert hastigheit», seier Thorsteinsen og understrekar:

– Da er det opp til sjåførar å passe på farta på denne strekninga.

Det er framleis ein del slaghol og dårleg dekke på strekninga, spesielt frå Heia til Takelvdalen, og Thorsteinsen seier dei jobbar heile tida med å vedlikehalde vegen.

– Så snart dekkesesongen er i gang, kjem vi til å leggje eit mellombels dekke på strekninga. Grunnen til at vi ikkje gjorde det i fjor, var at vi hadde tenkt å kome i gang med ei større forbetring av vegen. Vi har framleis planar om større vedlikehald, seier avdelingsdirektøren.

Vil kome i gang snart

Kva slags planar har de for utbetring av strekninga?

– Mellom anna vil vi gjere noko med oppbygginga av sjølve vegen og betre drenering, i tillegg til å sjå på kurvaturen på strekninga, seier Thorsteinsen og legg til:

– Så vil vi sjå om det er mogleg å ta ut nokre av dei knappaste kurvane, slaka ut skråningar og gjere vegen tryggare.

Kva tid det blir, er likevel uklart, men forhåpentlegvis vil det bli snart.

– Vi hadde håpa at vi skulle vere i gang i løpet av året. Men vi har ikkje fått løyvingar til det prosjektet, så vi håpar å kome i gang neste år eller i alle fall i den fireårs perioden vi er inne i no.