NRK Meny
Normal

Forskar: – Det er umogleg å bruke telefonen og køyre samtidig

Minst to dødsulykker her i landet kan knytast opp mot bruk av mobiltelefon i bil. Bruk av mobiltelefonen i bilen er like farleg som alkohol, meiner forskar.

Sjåfør snakker i mobiltelefonen

ULOVLEG: Denne sjåføren bryt loven når ho snakkar i den handhelde mobiltelefonen.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Mobilen er ein oppmerksemdstjuv.

Det seier professor Børge Ytterstad, pensjonert overlege på UNN avdeling Harstad.

Børge Ytterstad
Foto: Martin Mortensen / NRK

I hans arbeid med skadeførebygging er det slått fast at årsaka til to møteulykkar i Nord-Norge var at sjåfør brukte mobilen for å ta bilde av seg sjølv under køyring.

Ytterstad fortel at det er bildedelingstenesta Snapchat som er årsaka til to dødsulykker i Nord-Norge:

– Vi veit at det er heilt samanfallande tidspunkt for sendinga av bileta.

Like farleg som alkohol

Ytterstad var ein av deltakarane på ein skadeforebyggande konferanse som blei arrangert hos Statens vegvesen i dag.

Der var også professor ved Universitetet i Alberta i Canada, Louis Franciscutti, som tok til orde for eit totalforbod mot mobilbruk i bilen.

Franciscutti meiner det er uforsvarleg å tru at ein kan bruke mobiltelefonen samtidig som ein køyrer bil:

– Det er umogleg å bruke telefonen og køyre samtidig, meiner forskaren.

Han meiner mobilbruk er like farleg som å køyre i alkoholpåverka tilstand.

– Folk er avhengige av telefonane sine og dei klarer ikkje å leggje dei vekk, sjølv ikkje når dei køyrer. Det er ikkje annleis enn å vere avhengig av andre ting, meiner Franciscutti.

Samtalen er forstyrrande

Forskinga til kanadiske Franciscutti viser at folk ikkje kan vere like oppmerksame når dei køyrer bil og snakkar i telefonen samtidig. Og om det er handsfree eller handholdt, speler ingen rolle, meiner han.

– Det er inga forskjell – det er sjølve samtalen som er forstyrrande. Derfor er lova om at du kan bruke handsfree, ein dårleg lov. Det er ein farleg lov, for den gir folk ei falsk kjensle av tryggleik, seier han.

Blant dei som hadde møtt opp på konferansen, var Per Erik Rynning, trafikkoordinator i Midtre Hålogaland politidistrikt. Han vil ikkje gå så langt som å seie at lova om å bruke handsfree i bilen er ein farleg lov.

Synst du det er ein tullate lov?

– Det vil ikkje eg seie noko om, men det er eit godt spørsmål, seier Rynning til NRK.