Hopp til innhold

Tips til påskelektyre frå ekspertane sjølv

Påska er ei ypparleg tid for å lese bøker. Vi har snakka med kjende nordnorske forfattarar og fått deira tips til påskelitteratur.

Bøker påske

Nokon av påskenyheitene Bokhuset Libris i Tromsø sel mykje av om dagen. Innehavar Martin Antonsen konstaterer at nordmenn framleis kjøper mest krimbøker i påska.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

I påska står særleg krimlitteratur høgt i kurs hos nordmenn, men det er ein jungel av bøker der ute.

Difor har vi snakka med nokre nordnorske forfattarar for å få tilrådingar til påskelektyre av ekspertane.

Mindre hardkokt krim

Forfattaren Jorun Thørring frå Tromsø er kanskje mest kjend for boka og filmen «Glassdukkene». Her er hennar topp-tre-liste over bøker til årets påske:

  • «Dei som fortener det» av Peter Swanson. – Mange krimbøker speler på mykje av det same, men denne var annleis og veldig bra. Ein psykologisk thriller, seier Thørring om denne boka.
  • «Sanninga og andre løgner» av Sascha Arango. – Verken denne eller Swanson si bok er for dei som elskar hardkokt krim. Bøkene er spennande og litt leikne, og kan lesast utan at man kjenner verken vemming eller får søvnproblem etterpå.
  • «Mysteriet Lisandra P.» av Hélène Grémillon. – Denne franske forfattaren har eg nett oppdaga. Eg har ikkje lese den ennå, men den skal vere veldig bra.
Jorun Thørring

Krimforfatter Jorun Thørring fra Tromsø. Her fra premieren til filmatisering av boka hennes «Glassdukkene».

Foto: Ronald Pulk / NRK

Vender tilbake til Olav Duun

Alta-forfattaren Laila Stien er først og fremst kjent som novellist, men har også gjeve ut mange bøker og dikt.

  • «Neiden 1970» av Troms-forfattaren Ingeborg Arvola. – Denne biografiske boka handlar om Arvola sitt uvanlege forhold til sin far. Boka er nydeleg skildra og veldig fin.
  • Olav Duun sitt forfattarskap: – Olav Duun er ein av favorittforfattarane mine, og i påska skal eg gå løys på «Sogar og forteljingar». Eg tilrår Duun fordi han er tidlaus, klassisk og ein fantastisk fortel.
  • «Stillitsen» av Donna Tartt. – Denne skal vere fantastisk, og handlar om ein gut som mister mora si i eit bombeangrep i New York, seier Stien.
Laila Stien

Laila Stien er født i Nordland, og har bodd mange år i Finnmark. Her fra da hun gikk til topps i kåringen på P2 av årets novelle.

Foto: Thomas Espevik / NRK

Tilrår Dennis Lehane

Barne- og ungdomsbokforfattaren Endre Lund Eriksen er frå Bodø, men bur i Tromsø. Han er kanskje mest kjend for boka og filmen «Pitbull-Terje går amok».

– Dennis Lehane er krimforfattaren som eg kan tilrå alt av, seier Eriksen.

  • «Den merkelege hendinga med hunden den natta» av Mark Haddon. – Ein skakande, rørande og sterk historie. I denne krimboka får ein gut verda snudd på hovudet etter at han finn naboen sin hund drepen.
  • «A monsters call» av Patrick Ness. – Ein sterk og spennande historie om ein gut som har ein mor som held på å døy.
  • «Will Grayson, Will Grayson» av John Green og David Levithan. – Historia om to personar med same namn som etter kvart kryssar møtest. Ein veldig spennande historie med overraskande vendingar, seier Eriksen.
Endre Lund Eriksen

Mannen bak bøkene om monstrene i Dunderly, Endre Lund Eriksen. Her under utdeling av Teskjekjerringaprisen i 2013.

Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix

Få bøker frå Nord-Norge

Skal vi tru Martin Antonsen, innehavar av Bokhuset Libris i Tromsø, er nordmenn framleis svært opptekne av å lese i påska – særlig krim.

Han seier at dei store norske krimforfattarane, som Unni Lindell og Jo Nesbø, ikkje har komme med nye bøker denne påska.

– Men det er veldig mykje bra frå litt ukjende forfattarar for tida. Vi sel mellom anna mykje av «Iren» av Pierre Lemaitre. Den er litt bestialsk, men også veldig intelligent og vert kalla eit meisterverk. «Den niande graven» av Stefan Ahnhem sel vi også mykje av, og denne får ein verkeleg lyst til å lese kvar side av. Heine Bakkeid frå Kvæfjord har nett komme ut med sin første krimbok «Eg skal sakne deg i morgon». Få bøker har handling frå Nord-Norge, difor plukk mange med seg denne, seier Antonsen.

Martin Antonsen i Bokhuset Libris

Martin Antonsen i Bokhuset Libris har inntrykk av at folk er like opptekne av å lese bøker i påska i år som tidlegare.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK