Hopp til innhold

Fleire kvinner enn menn stiller som listetoppar i Harstad og Tromsø

I haustens kommuneval er det kvinnerfleirtall på topp i Harstad og Tromsø. Men ikkje i Lenvik.

 Kvinnerfleirtall på topp i Harstad

Maria Serafia Fjellstad, listetopp for Venstre i Harstad.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Vallogo

I Harstad er 5 av 9 toppkandidatar kvinner, medan det i Tromsø er 6 av 10. I Lenvik er derimot berre 2 av 8 listetoppar kvinner.

– Det er på høg tid at det blir ein jamnare kjønnsbalanse i lokalpolitikken, meiner Venstre sin toppkandidat i Harstad, Maria Serafia Fjellstad:

– Det er ikkje eit must at det skal vere fleire kvinner enn menn i kommunestyret, men om vi for ein gong skuld får det, så er det kjempeflott, meiner ho.

Representativt demokrati

Ei undersøking Dagens Næringsliv har gjort, viser at på landsbasis er færre enn éin av tre toppkandidatar på partias lister framfor haustens kommuneval kvinner. I Harstad er det derimot meir balansert enn som så, noko Fjellstad meiner er viktig for demokratiet:

– Skal vi vere eit representativt demokrati, skal vi vere det på alle måtar, både kjønnsbalanse, alder, yrkesbakgrunn og erfaringar, seier ho.

Også i Tromsø er fordelinga i kvinnene sin favør. Her er seks av ti listetoppar kvinner. Blant dei er SV sin ordførarkandidat, Ingrid Marie Kielland:

– Det synest eg er veldig bra, og meir eller mindre som det sal vere. Vi har jobba med dette i ei årrekke – i heile partiets historie. I Tromsø har vi no to kvinner på topp. Elles har vi annakvar kvinne og mann på, lista. Det er eit prinsipp som står sterkt i SV.

Vanskeleg aleine kvinne

– Det kan vere vanskeleg å vere einaste kvinne i politiske utval og styre – det trengst rett og slett fleire kvinner i lokalpolitikken.

Det meiner 23 år gamle Katrine Boel Gregussen, som er ordførarkandidat for Lenvik SV – og ein av to kvinnelege listetoppar av i alt åtte i kommunen.

På ein travel kafé på Finnsnes snakkar den 23 år gamle ordførarkandidaten om det som engasjerer henne mest: Politikk. Men ho er i mindretal – for i hennar kommune er det nemleg fleire menn enn kvinner som har politiske verv. Ho ønskjer at det no skal bli meir likestilling i kommunepolitikken:

– Det er ein absolutt føresetnad for at også interessa til kvinner skal verte varetatt, seier ho.

Flaut for Norge

Kvinnerfleirtall på topp i Harstad og Tromsø - men ikkje i Lenvik

Katrine Boel Gregussen, listetopp for SV i Lenvik.

Foto: Arild D. Moe / NRK

– Det er flaut for norsk politikk, sa likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til avisa da undersøkinga om talet på kvinner i politikken vart kjent nyleg.

I ein kronikk tidlegare i vår, skreiv stortingsrepresentant Stine Renate Håheim frå Arbeidarpartiet at hersketeknikkar og ukultur i lokalpolitikken sett stoppar for kvinner si deltaking i politiske verv. Det kjenner Katrine Boel Gregussen seg igjen i:

– Ja, tendensen til hersketeknikkar har vore til stades i perioden. Ein må vere tøff viss ein skal kunne stå opp mot fleirtalet, seier Gregussen.

På kafeen på Finnsnes spør NRK to kvinner om det er viktig at kvinner står som listetoppar? Ei meiner kjønn ikkje er det aller viktigaste når dei skal bestemme seg i haust. Ho vel den ho synest best om, om det er mann elle kvinne. Ho andre vel den kvinnelege politikaren for å få inn fleire kvinner.