Hopp til innhold

Festspillene i Harstad: – Vi må bli «dei arktiske festspela»

Den nye direktøren for Festspillene i Nord-Norge, Maria Utsi, vil satse for å få festivalen ut i verda.

Maria Utsi

Maria Utsi er ny direktør i Festspillene i Nord-Norge, og la i dag fram delar av programmet for neste års utgåve av festivalen.

Foto: Nils Mehren / NRK

Festspillene i Nord-Norge 2016 er dei første med Maria Utsi som direktør, etter at ho tok over etter Tone Winje. Utsi har visjonane klare for neste års utgåve av FINN.

– Festspillene må ta ein posisjon, ikkje berre i Nord-Norge, men i heile det sirkumpolare nord. Vi må bygge vår relevans, vi må bli «dei arktiske festspela» – og vi kjem til å bli det i løpet av dei neste åra, fortalde Utsi på dagens presentasjon av FINN.

Utsi fortel at dei no vil i gang med ei markant satsing på Nord-Norge, og enda meir samarbeid med nordnorsk kunst og kulturliv.

– Og i 2017 kjem vi til å starte ein stor internasjonal satsing som «Arctic Arts Festival» for å ta ein posisjon som den viktigaste arenaen for kunst og kultur i Arktis. Det er berre FINN som kan ta den posisjonen, og vi kjem til å gripe den over dei neste åra.

Utsi peikte under sin presentasjon på tidlegare festspel-direktør Birger Carlsen, som gjorde eit viktig arbeid med å få verda til Festspillene. Den nye direktøren vil gjere det motsette:

– Eg vil at vi skal bringe nord og Festspillene ut til verda.

Utsi gjer det også tydeleg at ho vil bruke FINN som ein politisk arena og at festivalen skal ta samfunnsansvar.

– Eg vil at vi skal lansere prosjekt som har ein politisk brodd.

Programslipp Festspillene 2016

To festivalprofilar

Utsi understrekar at dei til neste år skal ha mykje ferskt på programmet.

– Vi skal utfordre på nye måtar og ha mange eigenproduksjonar og urpremierar.

I år har FINN valt å ha to festivalprofilar i tillegg til ein festivalkunstnar, og alle desse blei presentert i Harstad i dag. For direktøren har det vore viktig å velje unge, nordnorske kunstnarar til å fronte festivalen. Ho meiner dei to profilane kjem til å markere seg i åra som kjem. Den store sjansen får dei i neste års FINN.

Den eine profilen er dansekompaniet Kartellet, med kunstnarisk leiar Sigurd Heide i spissen. Utsi skildrar kompaniet som leikent, imponerande og med eit unikt uttrykk.

Den andre profilen er pianisten og musikaren Benjamin Mørk, som ifølgje direktøren har ein musikalsk spennvidde som er uovertruffen.

– Mørk var eit openbart val for FINN som profil, og vi har store forventningar, fortel Utsi.

Festspillkunstnar er Shwan Dler Qaradaki, som er flyktning frå Kurdistan. Han har budd i Norge i over 15 år.

Festspillene i Nord-Norge lanserer sitt program

Direktør Maria Utsi, festspillkunster Shwan Dler Qaradaki, festspelprofil Benjamin Mørk og kunstnerisk leder av dansekompaniet Kartellet, Sigurd Heide.

Foto: Martin Mortensen / NRK