Hopp til innhold

Festspeldupp

Tysdag 24. juni

Festspillblogg

I fjor var første gong eg var på Festspillene i Nord-Norge. Ei veke i Harstad med lange arbeidsdagar, mange konsertar og lite nattesøvn gjorde at festspelduppane vart eit hyppigare og hyppigare fenomen utover veka.

Og sanneleg er ikkje fenomenet gjeldande i år òg.

Først stressa eg ut av hotellet frå morgonen av. Ikkje berre måtte eg kaste i meg frukosten. Kofferten måtte òg bli pakka.

Sia hotellet eg eigentleg skulle bo på hadde glømt av meg då tildelinga av romma foregjekk, hadde eg bodd ei natt på eit anna hotell.

No skulle eg flytte tilbake dit eg eigentleg skulle vere og eg måtte ut av det rommet eg hadde sove på. Eg samla sammen tinga og pressa alt ned i kofferten, som allereie hadde krympa. Så stressa eg bort på kontoret for å ringje ein musikar eg ville intervjue. Men ingen tok telefonen. Eg såg plutseleg nokon som kanskje kunne vite kor han var, dei peika opp trappa og til venstre, eg sprang etter.

Hesblesande rekte eg fram handa, helsa, fekk gjort ein intervjuavtale, sprang ned for å hente opptaksutstyret, skunda meg bort til hotellet der eg skulle intervjue han, stoppa tre gong på vegen for å seie nei takk til folk som ville selje meg noko, gjorde intervjuet, gjekk tilbake.

Dei same tre folka stoppa meg enno kvar sin gong for å høre om eg hadde endra meining om produktet deira. Det hadde eg ikkje.

Så tusla eg tilbake til hotellet, redigerte saka, kjente at eg ikkje hadde ete sia frukost – og gjekk på konsert.

Når du sitt der i ein mjuk stol, i eit mørkt og litt varmt lokale, mens nokon speler vakker musikk.

Då er det nesten ikkje til å unngå. Same kor bra konserten er. At augene glir sakte igjen.

Hovudet bikkar mot høgre, eller venstre, alt etter kor den nærmaste naboskuldra ligg hen, forhåpentlegvis skuldra til nokon du kjenner. Etter nokon sekund som kjennast som ei lita evigheit rykker det i kroppen. Du har vakna igjen, rettar blikket konsentrert mot scena. Og håpar at ingen av dei andre på rada har merka det.

At kulturreporteren til NRK har tatt seg ein festspeldupp.

Her får du fleire festspelbetraktninga frå Inger Johanne: Festspelblogg