Hopp til innhold

Færre nordmenn på Svalbard enn før

Talet på nordmenn på øygruppa går ned. Samtidig går talet på ikkje-norske innbyggjarar opp.

Longyearbyen

Talet på innbyggjarar går opp – men stadig færre nordmenn bur på Svalbard.

Foto: Torill Ustad Stav

For ni år sidan, i 2006, var 1699 nordmenn registrert som fastbuande i Longyearbyen. No er talet redusert til 1569.

Det var Svalbardposten som først omtala saka.

Men sjølv om nordmenn flyttar frå øygruppa, er det framleis vekst i innbyggjartalet. For det er nemleg fleire ikkje-norske som får fast adresse i isøydet.

For samtidig som det er ei nedgang i norske innbyggjarar, stig talet på ikkje-norske med 291 personar.

26 prosent av befolkninga i Longyearbyen består no av ikkje-norske innbyggjarar.

Ønskar eit levande norsk lokalsamfunn

– Svalbard er Noregs nordlegaste region, og det er viktig for landet at vi har eit levande norsk lokalsamfunn på øygruppa, seier ekspedisjonssjef Kjerstin Askholt i Justisdepartementet si Polaravdeling til Svalbardposten.

Ho seier dei lenge har vore klar over trenden, og at det blir tatt med i svalbardmeldinga som departementet no jobba rmed.

Men – er dette ein uønskt trend? Nei, meiner Askholt.

For sjølv om det er viktig å ha norske samfunn på øygruppa, må ein også følgje Svalbardtraktaten, som fastslår at alle traktatland skal ha lik tilgjenge til Svalbard.

– Derfor blir det ugjestmildt å seie at dette er ei uønskt utvikling. Men dette er ein situasjon vi følgjer nøye med på, seier Askholt til avisa.

– Multikulturalisme

Lokalstyreleiar Christin Kristoffersen frå Arbeidarpartiet seier til Svalbardposten at det ikkje er urovekkande at talet på nordmenn på øygruppa har gått ned dei siste åra.

Ho vektlegg heller verdien av at dei som bur der, skal kome frå ulike land og ulike hjørne av verda.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Christin Kristoffersen
Foto: NRK

– Vi utviklar samfunnet med det norske som utgangspunkt, men det er ein utruleg berikelse å ha ei stor internasjonal befolkning, seier ho til avisa og legg til:

– Vi har blitt eit bevis på at multikulturalisme fungerer i praksis.

Befolkningsutvikling på Svalbard

Nasjoner

2006

2014

Endring i %

Norge

1.699

1.569

-8

Thailand

64

111

73

Sverige

42

120

186

Danmark

22

38

73

Tyskland

24

28

17

Russland

34

45

32

Øvrige Europa

60

141

135

Øvrige Verden

21

75

257

Totalt

1966

2127

8

Kjelde: Longyearbyen Lokalstyre