NRK Meny
Normal

Eitt års ventetid på traumebehandling

Ventelista er lang ved Viken Senter for sjelesorg og psykiatri i Bardu for pasientar som treng traumebehandling.

Viken senter

Ved Viken senter i Bardu er det eitt års ventetid på traumebehandling.

Foto: Arild Moe / NRK

Viken Senter i Bardu har no ei ventetid på eitt år for pasientar som ønsker traumebehandling. Senteret har i dag seks døgnplassar.

Frå hausten av får sentrerer utvida sitt tilbod med fire nye døgnplassar. Senteret legg vekt på klinisk og fagleg behandling, og gir i tillegg tilbod om rekreasjon, kurs og samtaler.

Klinikken ved senteret er ein nasjonal behandlingsinstitusjon for psykisk sjukdom, og her kan vaksne over 18 år få hjelp.

Direktør ved Viken Senter, John Henrik Wien, seier til NRK at den store pågangen frå pasientar har si forklaring i at det er større openheit omkring temaet psykisk helse:

– Traume har fått meir og meir fokus, og derfor er kanskje terskelen for å søke hjelp blitt lågare. Det er ofte krenkingar mot eigen kropp det handlar om, og om dette har skjedd i nære relasjonar, så blir det veldig mange ting som gjer det vanskeleg å handtere.

Styrke tilbodet til dei unge

Wien understrekar at det er viktig å få hjelp fort etter ei traumatisk hending:

– Om ein har opplevd traumatiske ting som seksuelle eller fysiske overgrep, er det viktig å få hjelp tidleg, seier direktør Jon Henrik Wien.

Helse Nord har avgjort at dei fire nye plassane skal gå til unge mellom 18 og 26 år.

– Det er jo eit langt liv som ligg framfor dei, da kan ein kome seg gjennom det på ein måte som gjer at ein både kan kome seg i arbeid og vere aktiv. Dessutan er det jo veldig belastande å leve med slike traume, som ligg der i underbevisstheita og i kroppen. Det er vanskeleg og komplisert for dei som har slike erfaringar, seier Wien til NRK.

Klinikksjef Geir Tollåli

Fagdirektør i Helse Nord, Geir Tollåli.

Foto: Adrian Dahl Johansen

Fagdirektør Geir Tollåli i Helse Nord seier til NRK at det er auka bevillingar til mellom anna psykisk helsevern, som no blir brukt til å styrke tilbodet til dei yngste pasientane med traumelidingar. Målet er også å få ned ventetida til behandling.