NRK Meny
Normal

Ein person frakta til UNN etter ulykke med snøskuter

Ein mann blei henta med luftambulanse i Reisadalen etter skuterulykke.

Laster kart, vennligst vent...

Mannen skal ha fått skader i ansiktet etter skuterulykka i Reisadalen i Nordreisa, men skadeomfanget er ukjent.

Det opplyser Roy Tore Meyer, operasjonsleiar i Troms politidistrikt.

Mannen skal ha vore aleine på skuteren, men det skal ha vore folk i området da ulykka skjedde.

Mannen er henta av ambulansehelikopter og er sendt til UNN. Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.

Politiet er no på veg til ulykkesstaden.

– Vi er no på tur med patrulje for å få oversikt over staden. Det må vi gjere når det har vore ei ulykke med motorisert køyretøy, og når det er personskadar vi ikkje veit omfanget av, seier operasjonsleiar Meyer.

Det er førebels usikkert om mannen skal ha køyrt i eit område kor det er lov å køyre med skuter.