Hopp til innhold

Ein million til Outsider Art

Outsider Art-senteret på Trastad i Kvæfjord får ein million kroner gjennom revidert statsbudsjett. Pengane er eit bidrag til Outsider Art sitt arbeid som nasjonalt kompetansesenter. Outsider Art er ein kunstform kor utøvarane har ulike utfordringar knytt til psykisk helse, lærevanskar eller har levd på kanten av samfunnet. Mariam Rapp, leiar av Krf si kvinnegruppe, er glad for at desse pengane kan forsterke posisjonen til ein kunstform som ikkje tidlegare har fått så stor oppmerksemd.