Ein draum som går i oppfylling for Ørjan

Heilt sidan Ørjan Jakobsen frå Lenvik var liten, har han hatt ein draum om å jobbe med mat. No er han på plass bak ferskvaredisken i den nyopna Mathallen i Tromsø.

Ørjan Jakobsen

Ørjan Jakobsen frå Lenvik har visst sidan han var 12 at han skulle drive med mat. No er han snart 30, og på plass som ferskvareansvarleg i den nye Mathallen som opnar i Tromsø i dag.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Eg bestemte meg allereie da eg var 12 år. Eg ville jobbe med mat, og det har eg aldri angra på, seier Ørjan Jakobsen med eit smil.

29-åringen frå Lenvik har hatt mat som lidenskap sidan han var tenåring. Da han skulle velje vidaregåande utdanning, var valet derfor enkelt: Han skulle bli kokk. Jakobsen flytta frå Lenvik til Tromsø for å gå kokkeskulen, og etter det har han hatt mat som hobby og levebrød.

Dei siste åra har han jobba på fiskehandlaren Ravnkloa i Trondheim. No er han tilbake i nord. Denne gongen som ferskvareansvarleg på Mathallen i Tromsø, som opnar i dag.

– Det er absolutt ein draum, det her, seier han.

– Mat er kjensler!

Den nye Mathallen består av ein butikkdel og ein restaurantdel kor lokale råvarer skal vere eit naturleg midtpunkt, både i hyllene og på matfata. Saman med kjøkkensjef Gunnar Jensen og matentusiast Jørn Hoel, skal Jakobsen freiste tromsøværingar til å prøve noko nytt og spennande.

– Det pleier å vere lett å få pusha nye ting på tromsøfolk. Dei har lyst til å prøve og lyst til å smake, meiner Jakobsen.

Han håpar at lidenskapen for mat skal smitte over for dei som skal besøke Mathallen.

– Mat er kjensler – både for oss som jobbar her, og for kvarmannsen, så vi håpar jo at folk skal bli begeistra.

Gulrotsyltetøy frå Grønnegata – popkorn frå Fiji

Det som starta som ein idé på seinsommaren i fjor, er no i ferd med å bli til verkelegheit midt i Grønnegata i Tromsø sentrum. Før dørene kan opnast for publikum, skal hyllene fyllast opp med delikatesser frå inn- og utland.

Blant popkorn frå Fiji og gulrotsyltetøy frå eiget kjøkken, gjer kokkar, investorar og kjøkkenansvarlege seg klare til å vise svoltne magar i Ishavsbyen kva Nord-Norge har å by på.

Ørjan Jakobsen innrømmer at det kriblar godt i magen før opninga.

– No har eg ikkje pulsklokke, men det dirrer godt i den klokka eg har allereie, seier han og ler.

– Kva trur du den 12 år gamle Ørjan hadde tenkt om han visste kva som skulle skje i dag?

– Han hadde nok flirt godt!