NRK Meny
Normal

DIREKTE kl. 10: Legg fram granskingsrapport om Flyktningtenesta

Økonomiske forhold og rutinar har blitt undersøkt i rapporten som blei bestilt etter at den store bedragerisaka i den kommunale flyktningtenesta vart kjent.

Direkte klokka 10.

Ein tidlegare tilsett i Tromsø kommune skal ha underslått 4,5 millionar kroner frå den kommunale flyktningtenesta.

Byrådsleiar i Tromsø kommune, Øyvind Hilmarsen, vil på ein pressekonferanse i dag presentere innhaldet i ein rapport som skildrar økonomiske forhold og rutinar ved Flyktningtenesta i Tromsø kommune.

Øyvind Hilmarsen

Byrådsleiar i Tromsø kommune, Øyvind Hilmarsen.

Foto: Trygve Hongset

Byrådsleiaren bestilte ein intern gjennomgang i april.

Både kontrollutvalet, politiet og administrasjonen i Tromsø kommune har sidan april leita etter forklaringa på korleis ein tilsett i kommunen har kunne underslå 4,5 millionar kroner frå den kommunale flyktningtenesta.

Hilmarsen har tidlegare sagt til NRK at kommunen vil undersøke om tenesta har følgt reglementa og fullmaktene, og om nokre av desse må endrast på bakgrunn av bedragerisaka.

Pressekonferansen startar på Rådhuset i Tromsø klokka 10.