Denne filmen får vaksne til å bli som barn igjen

Vi er inne i adventstida, og jula står for dør. For å kome i den rette julestemninga, tyr mange til film – og gjerne filmar ein har sett jul etter jul etter jul.

Love Actually

Filmen Love Actually frå 2003, med blant andre Hugh Grant og Martine McCutcheon, har blitt ein populær tradisjonsfilm for dei som vil kome i julestemning.

Foto: Universal Studios

På kjøpesenteret Nerstranda i Tromsø er det mykje som fortel den vanlege mannen i gata at det nærmar seg jul. Julehjarter, juleglitter og juletre pyntar opp, både ved rulletrappa og inne i butikkane.

Men det er ikkje berre pynt som får julehjarta våre til å slå ekstra hardt. For å kome i den rette julestemninga, hjelper det også å sjå ein god julefilm.

Vi stoppar ei av dei handlande, ei dame midt i livet, for å høyre kva for ein film ho må sjå for å kome i stemning.

– Åh, eg må sjå den der med Hugh Grant. Kva er det den heiter no igjen?

Love Actually?

– Ja, den! Eg har sett den mange år, den er morosam og har juletema, så eg liker den.

Julegate i Tromsø

Det er lett å draume seg vekk til julestemning på kinolerretet når julegata i Tromsø er grå, glatt og våt.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Vanlegvis berre damer

Og ho er ikkje aleine. På kinoen Verdensteatret i enden av Storgata i Tromsø, har julefilm stått på programmet sidan 2010, da Tone Lein starta som leiar.

Love Actually kan vi berre gløyme å ta bort frå programmet, for den får eg spørsmål om allereie i september, fortel Lein.

Tone Lein ved Verdensteatret i Tromsø

Tone Lein, leiar av Verdensteatret i Tromsø, får telefonar allereie i september om kva tid ein kan sjå Love Actually på kinoen deira.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Kjærleik, humor og flotte skodespelarar er berre noko av det som gjer filmen spesielt populær. Og det er spesielt eit segment i befolkninga filmen trekk til kinosalen.

– Det er vanlegvis berre damer. I fjor var det ein mann i salen på den visninga eg var på, seier kinoleiaren og ler.

Ho trur det er svært få av dei som kjem for å sjå filmen på kino ser den for første gong. Desse kinogjengarane kjem for tradisjonen sin del, og for eit håp om julestemning.

– Og så er det jo ein veldig god film, da!, meiner Lein, og legg retorisk til:

– Og er det ikkje fint med happy ending i jula?

  • Sjå ein av dei mest romantiske scenene frå filmen her:

Vi blir som barn

Love Actually er ein blant mange populære julefilmar. Tre nøtter til Askepott, Hjemme Alene og Reisen til julestjernen har ein viktig posisjon i mange sin førjulshygge.

Det at vi har sett desse filmane gong på gong, jul etter jul, er ikkje så nøye.

– Alle veit jo at ungar elskar å sjå ting om att og om att, særleg filmar. Helst noko ein har sett før, slik er det når ein er liten. Kanskje blir vi litt meir som barn når desember bankar på døra?, seier Tone Lein og legg til:

– Vi ønsker jo for alt i verda, sjølv om vi er vaksne, å kome inn i ei slags julestemning. Og så er det jo mørkt og kaldt, og da er det jo hyggeleg å samlast i kinosalen!

Laster innhold, vennligst vent..