NRK Meny
Normal

Dei opplevde sjokket for tre år sidan - no vil dei hjelpe barnehage etter overgrep

Barnehagen som opplevde ei overgrepssak for tre år sidan har no tilbode seg å hjelpe barnehagen som no går gjennom det same.

Barnehage

Illustrasjonsfoto.

Foto: Eskil Mehren / NRK

– Dei første tankane er sjølvsagt, «Herregud. Er min unge ramma? Har det skjedd noko med min unge?» Det vil ein med ein gong ha svar på. Gjeld det meg, gjeld det oss? Etterpå lurer ein på korleis det kunne skje, og korfor blei det ikkje oppdaga? Kva har vi gjort gale, og kunne eg ha gjort noko?

Mannen NRK møter, veit kva han snakkar om. For tre år sidan blei det oppdaga overgrep mot barn i barnehagen i Tromsø der han var styreleiar. Han ønsker å vere anonym av omsyn til sakas grad av alvor.

Ein praktikant i tjueåra hadde utført seksuelle overgrep i ein periode på eitt år mot fleire barn i barnehagen, og blei dømt til fengsel for desse handlingane i 2013.

Litt over eitt døgn har no gått sidan det blei kjent at politiet i Tromsø har sikta ein mann i trettiåra for seksuelle overgrep mot barn i barnehagen kor han jobba.

Nord Troms tingrett

Torsdag ettermiddag var det fengslingsmøte i Nord-Troms tingrett.

Foto: Petter Strøm / NRK

Mannen har no erkjent straffskuld og er varetekstfengsla i to veker med brev- og besøksforbod.

Mannen i 30-åra er førebels sikta for å ha brote straffelova sin paragraf 195, andre ledd, bokstav c. Det vil seie seksuell omgang med barn under 10 år og at det skal dreie seg om gjentatte overgrep.

Det vekker kjensler hos den tidlegare styreleiaren.

– Fekk du dei same tankane i går når denne saka blei kjent?

– Ja. Umiddelbart. Det er det første ein tenker. Og sjølvsagt med enda meir kraft no.

– Ei kjempestor påkjenning

Det har gått tre år sidan mannen stod midt oppi ei liknande sak sjølv. Foreldra i barnehagen opplevde marerittet da det viste seg at ein tilsett hadde utført overgrep mot fleire barn.

Sjølv om det er nokre år sidan no, er det framleis tøft for dei tilsette og for foreldra. Spesielt no når det same skjer igjen, i ein annan barnehage.

– Det er ei kjempestor påkjenning, framleis er det det. Særleg no når dette kjem opp igjen, så merker ein fort at folk vil snakke om det. Folk har behov for å snakke om det. Det skjer kvar einaste gong ei slik sak kjem opp, seier han.

– Korleis opplevde dei tilsette denne overgrepssaka?

– Når vi oppdaga det var det sjølvsagt eit sjokk for alle. Dei tilsette føler ansvar. Dei har sjølvsagt dårleg samvit. Dei spør seg sjølv korleis det kunne skje og korfor dei ikkje har oppdaga det. Dei har mange av dei same spørsmåla som foreldra, fortel mannen, og legg til:

– Det er klart det er ein stressande situasjon.

Framleis veldig nært

Den tidlegare styreleiaren snakkar roleg, men er tydeleg prega av eit stort alvor. Eit alvor som ein sannsynlegvis aldri kan leggje heilt frå seg.

– Er det ei slik sak ein aldri heilt blir ferdig med?

– Ja, det kan eg godt seie. Eg kjenner berre på meg sjølv når dette kjem opp og vi byrjar å snakke om dette igjen, at det er vanskeleg, men vi må gjere det. Og for ungane kan det vere lett å snakke om, seier han og legg til:

– Ein håpar sjølvsagt at ein aldri skal kome opp i det igjen, men ... Det er jo vanleg i samfunnet, seier han.

Han meiner det er viktig at dei tilsette og foreldra klarer å diskutere det som har skjedd:

– Men kvar einaste gong saka kjem opp, så reagerer vi. Det er mange år sidan, men for oss så er det framleis veldig nært.

Endra rutinar

For barnehagen som opplevde ei overgrepssak for tre år sidan, var det svært viktig at ungane raskt fekk snakke om det som hadde skjedd. Det skulle vere trygge rammer, slik at ungane skulle vere så opne som mogleg:

– Det viktigaste vi gjorde for ungane i barnehagen, var å halde stabile rammer rundt dei. Vi gjorde alt vi kunne for å setje på ekstra bemanning og å ha stabil bemanning på den posten kor det hadde skjedd. Og elles er ungane sjølvsagt oppfordra til å snakke ope om det som har skjedd, fortel mannen.

– Kva var det som hadde svikta i denne saka?

– Det er vanskeleg å seie at noko har svikta. Det vi trur er at uansett så vil ein person kunne omgå det ein veit er regelverket og det ein veit er rammene. Vedkommande vil vere utspekulert og vere lur. Ein slik «utru tenar» er utruleg vanskeleg å stoppe når han eller ho kjenner rammene, fortel han:

– Og derfor trur vi veldig bestemt på det å leggje til rette for at ungane er trygge og tør å snakke med dei vaksne om desse tinga. Da vil vi få meir openheit for barna og kunne unngå overgrep.

Fleire rutinar vart endra etter hendinga, fortel han.

– Vi endra rutinar etter episoden. Vi så at vi kunne ha gjort meir – ein kan alltid gjere meir, seier han.

Spørsmålet om overvaking kom også fort opp etter episoden.

– Vi fekk fort spørsmål om vi kunne setje opp videokamera i barnehagen. Vi trur framleis at det ikkje er slik at overvaking avdekker overgrep, men at det er openheit som gjer det. Vi måtte heller leggje meir til rette for at ungane skulle snakke om dette.

Vil hjelpe dei andre

Barnehagen som opplevde overgrepssaka for tre år sidan har no tilbode seg å hjelpe barnehagen som no går gjennom det same. Den tidlegare styreleiaren trur det er viktig å få delt informasjon frå nokon som har opplevd ein slik unntakssituasjon. Det kan vere kaotisk å forstå kva som har skjedd og korleis ein skal handtere alt som oppstår etterpå.

– Det er jo antakeleg ein situasjon ein aldri har vore i før. Og det å høyre frå nokon som har gått igjennom det, kva som blei gjort, det trur eg er viktig, seier han.

Han stod midt i det heile sjølv, og opplevde eit enormt trykk:

– Media ringer, foreldregruppa og dei tilsette har mange spørsmål, og så må ein ta vare på ungane, som er det viktigaste i denne situasjonen. Alt dette skal skje samtidig. Da er det sjølvsagt fint å kunne snakke med nokon som har vore i same situasjon for å finne ut om det er noko ein kan lære av kvarandre. Kva kan gjerast annleis? Det har vore viktig å formidle at dei kan få lære av oss og det vi gjekk gjennom.

– Kva er det viktigaste de lærte av det som skjedde for nokre år sidan?

– Det viktigaste er å forstå at dette skjer. Dette er noko som kan treffe alle saman, og det treff utan at du anar det. Og ein må snakke om det.