NRK Meny
Normal

Dei er mikroskopiske, uendeleg vakre - og dei kan løyse energiutfordringar i framtida!

I forskarane sine mikroskop kjem dei vakraste skapningane fram. Dei er ikkje berre vakre å sjå på - dei kan også løyse mange utfordringar i framtida.

Mikrodiamanter

SMÅ, MEN VAKRE: 'Havets diamantar', kallar forskarane dei. Mikroalgen porosira glacialis er her forstørra 400 gongar.

Foto: Mabcent

Sjå nøye på desse bileta. Desse underleg vakre skapningane lever i havet, men er så mikroskopisk små at du ikkje kan sjå dei med det blotte auge.

Dei små vesna på bileta er forstørra 400 gongar, men sjølv om dei er små, er dei ikkje ubetydelege. I alle fall ikkje om ein skal tru professor Hans Christian Eilertsen på Noregs fiskerihøgskule i Tromsø.

– Dette kan vere ei løysing på energiutfordringar i framtida, meiner Eilertsen, som skriv meir om fenomenet i ein artikkel i forskingstidsskriftet Labyrint.

Desse små mikroalgane, som forskaren har samla inn i området rundt kysten av Nord-Norge og i arktiske strøk, er mangfaldige i bruk.

– Dei veks heile året når det er lyst, spesielt om våren, og dei produserer mat til livet i havet. Dessutan produserer dei fleirumetta feittsyrer, som dei sunne omega 3-fettsyrane vi får i oss når vi drikk tran, fortel professoren.

Kan nyttast til drivstoff

Men det er ikkje berre som mat til livet i havet og som næringsstoff desse mikroalgane er viktige. Dei kan også nyttast til å produsere biofuel – rett og slett drivstoff!

– Ei ny kjelde til energi kan faktisk vere olje produsert av mikroalgar. Dei har nemleg den eigenskapen at dei kan transformere sollys til energirik olje, byrjar Eilertsen:

– Og så er det to ting som er spesielt med mikroalgane. Det eine er at dei kan manipulerast kjemisk, og det andre er at dei veks svært fort. Dei kan doble massen sin ein gong per dag, og dermed få ein 100 prosent vekst. Dette gjer mikroalgane veldig attraktive.

Svært fascinerande

Også oppdrettsnæringa nyttar seg av slike mikroalgar, fordi det er ein stor kjelde til omega 3-feittsyrer.

– Vi merkar at det er ei stadig større kommersiell interesse, delvis på grunn av moglegheita for fornybar energi og delvis på grunn av at oppdrettsnæringa er på jakt etter ei ny omega 3-kjelde, som ein må ha i fiskefôr, fortel Eilertsen.

– Desse organismane er så fascinerande at eg trur alle ville blitt fascinert om dei sette seg inn i det. Og så er det først no det tar av – det er nye oppdagingar kvar dag!, avsluttar ein engasjert Eilertsen.