Hopp til innhold

Bremnes vil ha di hjelp til å leite i skattekista

Har du ein nordnorsk favorittsong? Da vil Ola Bremnes høyre frå nettopp deg.

Ola Bremnes
Foto: Sylvi Inez Liljegren

– Til no har over 30.000 sett innlegget mitt på Facebook, og eg har fått massevis av forslag. Eg er heilt overvelda!

For nokre dagar sidan la Ola Bremnes ut eit innlegg på Facebook, der han spør etter folk sine favorittsongar frå Nord-Norge.

Bremnes har nemleg, på oppdrag frå Kagge forlag, fått i oppgåve å lage ei songbok som samlar 80 nordnorske songar. Alt frå Petter Dass til Moddi skal med, og den kjente artisten vil gjerne høyre frå deg om du har forslag til songar som må med i samleverket.

– Vi må jo ha med litt «freskt», men også klassikarane. «Å, eg veit meg eit land» er jo nesten som ein nordnorsk nasjonalsong, så den må sjølvsagt med.

Leiter seg gjennom skattekista

Heile 80 songar frå Nord-Norge skal samlast saman i boka som Bremnes no har ansvar for å snekre saman. Og det er ikkje berre songtekstar og noter som skal inn i boka. Også historia rundt nokre av songane blir fortalt gjennom Bremnes si penn.

– Det er artig å få lov til å skrive litt om songene sine historier. Det er ganske mange artige historier, spesielt om korleis nokre av dei gamle salmane fekk melodiane sine, fortel Bremnes.

Og når det skal plukkast ut songar, er det ei stor skattekiste Bremnes skal leite seg igjennom. Variasjon er også viktig når songskattane skal samlast.

– Eg har høyrt mykje på musikk no. Det er viktig for meg at boka skal vere anvendeleg. Det kan jo vere songar eg synest er fine, men det kan jo hende at det er songar ingen andre har høyrt om. Og det er jo ikkje artig med ei bok som ikkje blir brukt, meiner artisten.

Skal ikkje bli ein ny Kingo

Ola Bremnes er saman med søsknane Lars og Kari ein av våre mest folkekjære og populære artistar, og mange av songane deira har blitt allemannseige.

Du har jo sjølv laga ein del songar som er kjente songskattar, det same har søsknane dine. Blir det mange av desse i boka?

– Eg må nok prøve å halde ein edrueleg profil, som det heiter, seier Bremnes og ler.

– Når Thomas Kingo lagde salmebok, så fekk han alle sine salmar inn i boka - akkurat det trur eg ikkje skal gjenta seg her. Men eg har jo fått tilbakemelding på songar folk ønsker seg inn i boka, så vi får sjå om det er nokre som blir tatt med.

Boka er venta å bli gitt ut i haust.

  • Sjå portrett av Ola Bremnes:
    I ei gammel skolestue skaper Ola Bremnes musikk og lyrikk som når et stort publikum. Men det gikk på livet løs før den virkelig store dikterånden kom over han. 
Nå skal han ønske midnattssola velkommen tilbake til hjembygda. Og vi skal få høre han fortelle om rampestreker fra barndommen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark