Hopp til innhold

Bråk rundt omlasting

Kirkenes Transit søkjer om nytt område til oljeomlasting. Norges Miljøvernforbund ber om at søknaden blir avvist.

– Mirakuløst at vi fortsatt har tillit frå selskapa og reiarlaga, seier leiar i Kirkenes Transit, Ulf Hagen. Selskapet driv oljeomlasting i Bøkfjorden i Sør-Varanger, men har hatt store problem med å gjennomføre aktiviteten, grunna isdanningar i fjorden.

Som ei løysing på dette, søkjer dei no om dispensasjon til å få drive omlasting i Korfjorden rett ved. Dei håpar å få dette på plass allereie til søndag, då det er planlagt å laste olje neste gong.

Nye risikoar

Kystverket har innvilga søknaden frå Kirkenes Transit, og no ventar dei på svar frå Statens Forureiningstilsyn, SFT. Jan-Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund vart i dag gjort merksam på dette, og har sendt eit brev til SFT, der han sterkt rår dei til ikkje å innvilge søknaden.

–  SFT bør avvise søknaden, fordi det skapar ein heilt ny situasjon med nye utfordringar og risikoar. Det er ein situasjon som krev meir enn ei vekes sakshandsaming, slik det her er lagt opp til, meiner Holten.

Kan koste mykje

Ulf Hagen har tenkt å ha dispensasjonen for Korsfjorden i bakhand, og trur ikkje det blir nødvendig å bruke han i år, sia vêret begynner å bli så mildt. Han har heller ikkje planar om å drive oljeomlasting begge plassane til neste år. Men det gjer ikkje saka noko mindre alvorleg, meiner Norges Miljøvernforbund.

– Skulle det skje eit utslepp i Korsfjorden, vil det koste meir enn dei hundre tusen Kirkenes Transit risikerer å tape, seier Jan-Hugo Holten.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark