NRK Meny
Normal

Bil med tre ungdommar køyrde utfor vegen

Tre personar til sjukehuset for sjekk etter trafikkuhell ved Aunfjellet i Harstad.

Laster kart, vennligst vent...

Ein bil hamna utfor vegen på Aunfjellet i Harstad måndag kveld.

Politiet i Harstad melde om hendinga like før klokka ni.

– Tre ungdommar var med i bilen, og tilsynelatande har det gått bra med dei tre, fortel operasjonsleiar i Midtre Hålogaland politidistrikt, Anne Karlsen.

Dei tre blei raskt tatt med til sjukehus for ein sjekk, og det skal vere mindre skader på ungdommane.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men det er mistanke om høg fart.

Førarkortet til sjåføren er beslaglagt, og det er oppretta sak på forholdet, opplyser operasjonsleiaren.