NRK Meny
Normal

Bil køyrte i fjellvegg i Balsfjord

Ein person til legevakt.

Laster kart, vennligst vent...

Ein person er sendt til legevakt for konsultasjon etter ei trafikkulykke på fylkesveg 858 utanfor Storsteinnes i Balsfjord. Vedkommande skal ikkje vere hardt skadd.

Politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt utanfor vegen og treft ein fjellvegg ved 05.30-tida søndag morgon.

Operasjonsleiar Rune Nilsen i Troms politidistrikt seier at politiet no undersøker episoden, og jobbar med å kartlegge om det var fleire personar i bilen da det skjedde.

Er det mistanke om promillekøyring?

– Det ønsker eg ikkje å uttale meg om, seier Nilsen til NRK.