– Vi har gjennomført eit lengre avhøyr av sikta, og han har bidratt positivt til å belyse saka. Vi har hatt ein god dialog med sikta, seier sjef for etterforskingsseksjonen i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll.
Mannen er no lauslaten etter å ha sete i avhøyr i mange timar.
– Han vart lauslaten i halv åttetida i kveld, da det vart vurdert slik at det ikkje er fare for at han kan øydelegge bevis i saka.
Myrvoll seier det er gjort avtalar om nye avhøyr av sikta, og at det ikkje vil bli aktuelt med fengsling på noverande tidspunkt.
– Om desse avhøyra blir gjort i morgon eller i neste veke er førebels usikkert. Vi har ein del materiale vi skal gå igjennom og så vil vi kunne stille sikta nye spørsmål når det er behov for det.
- Bakgrunn:
Har kontroll over bevis
Politiet har no sikra seg mykje av det bevismaterialet dei treng for å kunne etterforske saka, seier Myrvoll.
– Mannen er no lauslaten. Vil det seie at saka er mindre alvorleg enn det har sett ut?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Men no har vi kontroll over dei bevisa vi treng og sikra oss det vi ønska å sikre, og da har ikkje sikta moglegheit til å forstyrre oss i etterforskinga. Da skal han setjast fri.
Skal gjennomgå kontoopplysingar
Politiet vil ikkje svare på spørsmålet om mannen har erklært straffskuld.
– Det ønsker vi ikkje å gå ut med, anna enn å seie at han har bidratt i positiv retning, seier Myrvoll.
Politiet vil heller ikkje seie noko om kva slags stilling mannen skal ha hatt i Flyktningtenesta, anna enn at det skal ha vore ei sentral stilling. Dei vil heller ikkje seie noko om kva tid mannen jobba i kommunen eller kva tid han slutta.
Det som er klart, er at etterforskinga no vil setjast i gang for fullt:
– No skal vi ha ei etterforsking der vi vil avgjere omfanget av saka. Da vil vi gjennomgå kontoopplysingar og den type ting, seier Myrvoll.