Hopp til innhold

Barneskulelærarar i verbalt slagsmål

På Ekrehagen skole i Tromsø går det føre seg for tida ein knallhard kamp mellom to av lærarane på skulen. I dag tok dei kampen på lufta.

Nils Christian Tveiterås og Tore-André Gurandsrud i studio hos NRK Troms

Nils Christian Tveiteår og Tore-André Gurandsrud er til vanleg lærarar på Ekrehagen skole i Tromsø, men av og til er dei også rapartistar.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Rap er ein musikksjanger som nok har fått rykte på seg for å vere full av nedverdigande karakteristikkar, med tematikk som ofte har ei viss aldersgrense.

Men ingen reglar utan unntak: I Tromsø har nemleg to lærarar på Ekrehagen skole tatt rapen i bruk i undervisninga for å lære vekk noko så uskyldig, men like fullt alvorleg som grammatikkreglar.

Tidlegare i sommar la lærar Nils Christian Tveiterås ut sin kommaregel-rap på Youtube, med eit stort ønske om å sprite opp elevane sine kunnskapar om bruken av komma. Videoen spreidde seg raskt, og har så langt blitt sett av fleire tusen.

Men med suksess kjem gjerne også sjalusi. For kollega og musikklærar Tore-André Gurandsrud bidrog med første vers av den etter kvart så populære kommaregelrapen, men fekk ikkje skinne i glansen saman med Nils Christian. Dermed lagde han eit svar i videoform som han la ut på Youtube.

Slik vart hansken kasta, og i dag tok dei to kamphanane turen innom NRK Troms si morrasending for å utfordre kvarandre med rap.

– No har dette utvikla seg til ein rapbattle mellom dokker to, er det noko pedagogisk bak dette?

– Eg vil svare ja, men det er mogleg eg må seie nei, seier Tore André.

– Først og fremst er jo dette ein leik med ord og leik med rytme, og så håpar eg det er ein musikalitet i dette også.

  • Sjå og høyr resultatet her:
    2 lærere rapper.

    Ein ekte rapbattle i morrasendinga til NRK Troms. Foto og redigering: Jørn Inge Johansen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark