Hopp til innhold

Avviser klage frå Skanska

Harstadpakken har avvist klaga frå entreprenørselskapet Skanska, som for ei veke sidan klaga på at tildelinga av kontrakten på bygging av Harstadåstunnelen gjekk til det spanske firmaet Aldesa Constructions. Skanska meinte mellom anna at selskapet ikkje er kvalifisert for oppgåva. Prosjektleiar i Harstadpakken, Hans-Arne Haugland, seier at dei har vurdert klaga som kom frå Skanska, men at dei ikkje finn nokon grunn til å ta den til følgje. Dei vil inngå kontrakt med Aldesa Constructions i løpet av neste veke.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark