Hopp til innhold

Avfallsmengda i Tromsø aukar med fleire millionar kilo kvart år

Tromsø er no den kommunen i landet der avfallsmengda aukar mest. Det viser seg å vere både positivt og negativt.

Tromsø er no den kommunen i landet der avfallsmengda aukar mest. Det viser seg å vere både positivt og negativt.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tromsø er kommunen i landet der avfallsmengda veks mest, ifølgje Remiks. Dette er hovudsakleg fordi folk har blitt flinkare til å levere inn avfall til miljøstasjonen på Skattøra.

Tal frå Remiks viser at avfallsmengda frå hushaldningane i Tromsø og Karlsøy auka med ni prosent i fjor, medan det auka med fem prosent på landsbasis.

Dei siste tre åra har avfall frå hushaldningar i Tromsø auka med nesten 2000 tonn i året, og i fjor blei det samla inn 30.000 tonn avfall frå tromsøfolket.

Morten Bangås, dagleg leiar i Remiks Husholdning AS, seier folk leverer så mykje til miljøstasjonen at dei no vil utvide med fleire tusen kvadratmeter.

– Vi har såpass stor trafikk at vi må utvide anlegget, og det jobbar vi med no. Om 10–15 år treng vi nok det dobbelte av kapasiteten vi har no, seier Bangås.

Full container ved Remiks miljøpark i Tromsø

Full konteinar ved Remiks miljøpark på Skattøra i Tromsø.

Foto: Mathilde Torsøe / NRK

Avfall er ressurs

Den store auka i avfallsmengda er i utgangspunktet positiv, meiner Bangås.

– Vi har jo eit ønske om avfallsreduksjon, men samtidig er vi glad for at avfallet kjem inn til oss, der det blir behandla på ein miljøriktig og god måte.

Noko av auka kan forklarast med vekst innbyggartalet, men Bangås meiner det i hovudsak handlar om at folk kastar meir avfall.

– Kvar person leverer no meir avfall til oss enn dei gjorde før. Folk har meir fokus på kjeldesortering, og mykje av avfallet er ein ressurs. Alt vi får inn av plast, papp, hageavfall, metall, gips, alt slikt blir til nye produkt uansett.

Gjenbruk, ikkje berre gjenvinning

Sjølv om Bangås er glad for at tromsøfolk leverer inn avfallet sitt til gjenvinning, skulle han gjerne sett at folk tenkte meir på gjenbruk.

– Det er ei bekymring at vi produserer mykje avfall. Samtidig er Tromsø ein by med vekst. Folk har god råd, og det er mykje bygging her, og det genererer mykje avfall. Eg skulle gjerne sett at produsentar brukte mindre emballasje, og at folk kanskje tenker seg meir om når dei kjøper nye ting og fokuserer meir på gjenbruk.

Det er Svein-Gunnar Karlstrøm einig i. Han er leiar for Fremtiden i våre hender i Nord-Norge.

– Den yngre generasjonen kjøper meir brukt og går på bruktmarknad. Retro er in, men samtidig kjøper vi mykje nytt. Det blir ein veldig auke i avfall og ting vi omgir oss med. Det har vi eigentleg ikkje behov for, seier Karlstrøm og legg til:

– Om vi skal ha fleire og fleire ting, vil det krevje ressursar som ikkje er berekraftig på lang sikt. Tenk gjenbruk, reparasjon og kvalitet på produkta vi omgir oss med.

Svein Gunnar Karlstrøm på Remiks sitt anlegg på Skattøra

Svein Gunnar Karlstrøm i Fremtiden i våre hender meiner folk må bli betre på å gjenbruke ting, og ikkje berre kjøpe nytt.

Foto: Mathilde Torsøe / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark