Hopp til innhold

Avdelingsleiar hadde 26.000 kundebilde på eigen pc - no er han frifunne i lagmannsretten

Den tidlegare avdelingsleiaren i ei Harstad-bedrift er både dømt og frifunne i Hålogaland lagmannsrett.

Norges lover og klubbe

Mannen i trettiåra er både dømt og frifunne av Hålogaland lagmannsrett.

Mannen, som er i slutten av 30-åra, blei i februar i Trondenes tingrett dømt for mellom anna å ha kopiert store mengder private bilde frå kundane sine.

Mannen, som jobba som avdelingsleiaren i eit varehus i Harstad, skal ha kopiert nærmare 26.000 bilde og videoar frå kundane sine datamaskinar.

Lagmannsretten har no frifunne han for dette forholdet.

Tiltalte har forklart at det ikkje var han som hadde lasta ned og kopiert kundematerialet til sin maskin, men at ein kollega hadde lagt dei inn på minnepenner saman med filmar og seriar som tiltalte hadde bedt om.

Lagmannsretten legg til grunn at tiltalte ikkje sjølv har stått for utveljing av bilde. Lagmannsretten understrekar likevel at det ikkje var i samsvar med bedrifta sine retningslinjer å behalde kundane sine bilde.

I rettsavgjerda frå lagmannsretten heiter det at bildematerialet ikkje hadde kommersiell verdi, og at handlingar som er gjort for å tilfredsstille ei kikkerlyst ikkje er vinning i lovens forstand slik lagmannsretten ser det.

Lagmannsretten har ikkje funne det bevist at tiltalte har gått aktivt inn for å skade bedrifta.

Fengsel i nitti dagar

Den tidlegare avdelingsleiaren må likevel i fengsel, da er han funne skyldig i å ha straffelova paragraf 201 første ledd bokstav b. Han er dømt til fengsel i nitti dagar for å filma sine kvinnelege kollegaer på toalettet utan at dei visste om det.

Han skal ha installert eit videokamera på dametoalettet på jobb, og brukt dette til å filme sine kvinnelege kollegaer. Forklaringa til mannen var at dette var ein gutekultur som hadde festa seg blant dei tilsette.

I rettsavgjerda frå lagmannsretten heiter det følgjande:

«Tiltaltes handlingar er grovt krenkende overfor sine kvinnelige kolleger og foregikk over en lengre periode, noe som viser et fast forsett. De kvinnelige ansatte er filmet mens de hadde all mulig rett på å være skjermet fra innsyn, og opptakene var bevisst innrettet mot å filme kvinnenes rumpe og underliv.»

Lagmannsretten seier at etterforskinga av saka har tatt for lang tid, og dette fører til at straffa blir redusert.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark