Hopp til innhold

Arbeidarpartiet i nord blir ikkje einige om olje

Arbeidarpartiet sine fylkesstyre i Nordland, Troms og Finnmark vil ikkje seie eit felles ja til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Cecilie Myrseth

Cecilie Myrseth, fylkesleiar i Troms Ap.

Foto: Marius Fiskum / Pressebilde

Fylkesstyra i dei tre nordnorske fylka har vore samla på Sommarøya utanfor Tromsø i helga, mellom anna for å diskutere moglegheitene for å kome til eit felles standpunkt om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Søndag formiddag er det klart at fylkeslaga i Nordland og Finnmark vil seie ja til ei konsekvensutgreiing, men at fylkeslaget i Troms ikkje vil seie ja.

Fylkeslaget i Troms vil ta dette spørsmålet vidare i eit representantskapsmøte i november.

Avstanden i synspunkta til dei tre fylkeslaga er stor, seier leiar i Troms Ap, Cecilie Myrseth:

– Det er mest ryddig å seie at vi har prøvd å kome til ei einigheit, og at når vi har prøvd, så har det ikkje gått.

Ulike syn i Troms

Troms Ap skal altså diskutere saka i november, og sende sitt forslag vidare til landsmøtet med frist i desember.

– Eg skal ikkje forhåndskonkludere om kva som blir utfallet av kommunepartia sitt møte, men at det er stor skepsis i Troms, det kan ein vere einig om at det er.

Myrseth understrekar likevel at det er eit delt syn på oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja også i fylkeslaget i Troms.

– Det er ulike syn i Troms Ap, og det kjem fram i alle debattar vi har, og det kom fram i årsmøtet i vinter. Mange uttrykker skepsis, men samtidig har ein dei som er positive. Slik vil det vere i eit stort parti.

Ungdommen følgjer med

Troms AUF er glad for at det ikkje kom eit «ja» frå fylkeslaget i samtalene i helga.

– Vi meiner dette er det beste utgangspunktet for å sikre at Arbeidarpartiet går inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. No held arbeidet vidare inn mot representantskapet der vi vil kjempe hardt for gjennomslag fram. Troms seier ja til mykje meir enn vi seier nei til når vi ønsker ei oljefri framtid, seier Eirin Kjær, leiar i Troms AUF i ei pressemelding.

AUF får ros for sitt miljøengasjement hos landets største miljøorganisasjon for ungdom.

– Det er bra AUF held Arbeidarpartiet i nakken på denne saka. Vi ungdom må stå saman for å ta vare på vår feles framtid. Arbeidarpartiet må seie ja til eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær i pressemeldinga.

Natur og Ungdom og AUF samla på Sommarøya med banner

Natur og Ungdom og Troms AUF var i helga samla for å følgje samtalane rundt saka om oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Foto: Torgeir Vestre, Natur og Ungdom