Hopp til innhold

Amundsen fekk førsteplassen på stortingslista

Statssekretær Per-Willy Amundsen frå Harstad fekk i føremiddag førsteplassen på Troms Frp si stortingsvalliste.

Per Willy Amundsen

Statssekretær Per-Willy Amundsen frå Harstad er listetopp hos Troms Frp.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det blei klart under eit nominasjonsmøte i Troms Frp i Tromsø i føremiddag.

Amundsen blei samrøystes valt til partiets førstekandidat, og var både audmjuk og takknemleg etter at resultatet var klart.

– Særleg når det er samrøystes, så blir det spesielt for meg, seier Amundsen til NRK.

Politikaren seier at det er viktig for han at det i valkampen blir fokus på det som er Frp sin politikk.

– Vi skal køyre ein god og skikkeleg Frp-valkamp, med Frp sin primærpolitikk, som ikkje er bunden opp av regjeringssamarbeid.

Det er fleire saker Amundsen vil kjempe hardt for i valkampen fram mot neste haust. Mellom anna trekk han fram det han kallar «det grøne skiftet» – men ikkje det ein har høyrt om frå spesielt venstresida i norsk politikk.

– Eg er veldig opptatt av Forsvaret sitt nærvær i nord, og å styrke Hæren og Hæren sitt nærvær her, seier Amundsen.

Andre saker Amundsen trekk fram som viktige i månadane som kjem, er at landsdelen må opne for å ta i bruk ressursane som finst i nord.

– Da tenker eg på olje, gass, mineralnæring, fiskeri, og alt dette gode næringsgrunnlaget som landsdelen har. Vi må vidareføre optimismen vi ser her, og bygge meir infrastruktur enn det vi har og leggje til rette for å skape gode arbeidsplassar. Vi er langt på veg godt i gang, men partiet meiner vi skal gå enda lenger, særleg med tanke på naturressursar.

Iversen på tredjeplass

Amundsen har tidlegare vore stortingsrepresentant for Troms Frp i to periodar, og har sidan 2013 vore statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

– Kor mykje kjem veljarane dine i Troms til å sjå deg i valkampen?

– På same måte som stortingsrepresentanta, så er eg i Oslo til dagleg og jobbar i regjeringskvartalet. Men eg bur i Harstad og har hus der, og gjennom heile valkampen vil eg vere på plass i Troms.

Det var i forkant av møte knytt stor spenning til kven som skulle få andreplass på lista. Hanne C.S. Iversen frå Harstad, for tida statssekretær, var i utgangspunktet føreslått på ein andreplass, men under møtet kom det fram at ho trakk seg frå andreplass for å gje plass til Kristian Wilsgård. Han er for tida leiar av Tromsø Frp. Iversen er dermed på tredjeplass på lista.

Troms Frp er i dag representert med ein representant på Stortinget, Øyvind Korsberg. Han gir seg i 2017 etter 20 år som folkevalt på Løvebakken.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark