Hopp til innhold

Alt bra med Guri og følgjet frå Troms

Medan bilda frå jordskjelvkatastrofen i Nepal går verda rundt, sitt Arnold Hansen heime i Noreg og kommuniserer med dottera Guri som er i området.

Guri Anne Hansen

Guri Anne Hansen er ein svært ivrig toppturentusiast. Dette bildet er henta frå Instagram-profilen hennar kor ho deler bilde frå sine mange turar.

Foto: Privat

I går kunne du lese om Arnold Hansen, som frykta det verste da dottera Guri ikkje ringde etter jordskjelvet i Nepal.

Saman med dei andre tromsværingane Pål Tande og Siv Karstad, er ho i Nepal for å stige opp på Mount Everest, og dei var på veg opp mot toppen da raset gjekk i går.

Guri måtte springe for livet da det gjekk snø- og jordras etter jordskjelvet i Nepal. Heldigvis slapp dei med skrekken.

Heime i Troms sitt Arnold no heime og prøver å kommunisere med dottera etter beste evne.

– Eg har fått melding om at alle dei skadde er frakta ut med helikopter. Leiren deira var etablert lengst frå bredfalet, så dei blei ikkje råka av snøskredet.

Må kanskje gløyme Everest-draumen

Reisefølget er no på ei hytte i Gorak Shep, og på bloggen «Guri's turblogg» har faren formidla vidare sms-ane ho har sendt frå ulykkesstaden.

«De har det godt på hytta i Gorah Shep, ho føler det på en måte er urettferdig med tanke på de store lidingar som skjelvet har påført tusenvis av andre menneske i Nepal», skriv Arnold.

– Dei skal no primært kome seg til basecamp for å ta vare på dyrt utstyr. Dei ventar og ser an situasjonen, men Everest blir antageligvis kansellert. Det tar mange dagar å lage ein ny passasje gjennom breen, fortel Arnold til NRK.

Reisefølgjet hadde eigentleg sett seg mål om at dei skulle nå toppen av Mount Everest på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai. Det siste vindauget for å gå mot toppen var sett til 29. mai. No må dei sannsynlegvis endre i dei planane.

Ein basecamp av gongen

Jordskjelvet, som målte 7,9 på Riechters skala, fekk fleire etterskjelv, og Guri rakk sjølv å skrive på bloggen om dramatikken som utstelte seg.

– Dei merka godt rystelsene frå dei nye skjelva. Det var alvorlege svingingar i toppen. Det var som eit skipsgolv i bølgjer på Vestfjorden, fortalde Guri. Men det gjekk ingen nye ras der dei var, fortel faren til NRK.

Han fortel at dei no skal bruke tid på å akklimatisere seg, noko som tar lang tid når ein er fleire tusen meter over havet.

– Så skal dei ta ein basecamp av gangen. Dei går opp og ned for å førebu seg. Totalt er det tre basecampar, seier Arnold.

Nepal Everest

Mount Everest i Himalaya, Nepal.

Foto: Jody Kurash / Ap