NRK Meny
Normal

– Vi prøver å snakke med dei som er einsame, men det kan vere vanskeleg

Ein omfattande studie av Tromsø-elevar viser at mange føler seg einsame. Det kan vi ikkje slå oss til ro med, meiner professor og rektor.

Ådne Storås Fredriksen og Signe Sveinsen

Ådne Storås Fredriksen og Signe Sveinsen er åttandeklassingar og elevrådsrepresentantar ved Storelva skole i Tromsø. Dei synest det er synd at fleire elevar ved skulen føler seg einsame.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Folk som ikkje har vener, folk som sit aleine og ikkje klarer å bli tatt inn i ein gjeng.

– Vi prøver å snakke med dei som er einsame, men det kan vere vanskeleg av og til, viss ein ikkje veit kva ein skal seie.

Slik forklarar åttandeklassingane Ådne Storås Fredriksen og Signe Sveinsen på Storelva skole ordet «einsemd», som er ein av vanskane ungdomane i Tromsø må bale med.

Kvart år er om lag 1000 elevar, foreldre og lærarar med i ei omfattande undersøking som kartlegg elevane sin trivsel i Tromsø-skulen.

I undersøkinga kjem det fram at 1 av 4 elevar seier seg delvis einig i at dei har følt seg einsame i det siste.

– Einsemda ser ut til å vere stor. Samtidig måler vi trivsel, både heime og på skulen og blant vener, og den er ganske høg. Det er den generelt i Norge, seier Thorvaldsen.

– Kan vi slå oss til ro med dette?

Sju skular er med på forskingsprosjektet, kor elevar, foreldra deira og lærarar får spørsmål innanfor tema som fysisk og psykisk helse, mobbing, skulemiljø, og relasjonar til andre elevar.

Steinar Thorvaldsen på sitt kontor framfor ein skjerm

Professor Steinar Thorvaldsen ved UiT leiar forskingsprosjektet om trivsel i Tromsø-skulen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Det sterkaste utslaget på mobbing, var problem med vener. Dette kan ein jobbe med, spesielt at du blir del av ei gruppe eller eit team, da blir du mindre attraktiv for mobbing.

At det så mange ungdommar rapporterer om einsemd, er urovekkande, meiner Thorvaldsen:

– Nokon har sagt at det må vere lov å vere einsam og å ha aleinetid, og omtalar det som såkalla «sjølvvalt einsemd». Vi har diskutert det ein del. Kan vi, som oppdragande samfunn, slå oss til ro med at skuleungdom går inn i einsemdsroller? Konklusjonen er at det kan vi ikkje. Vi må skape sosiale miljø med venskap og vere på offensiven, og det vil vere eit godt element for å minske i mobbeproblematikken som finst over heile landet.

Resultat som betyr noko

Dei sju skulane som er med i prosjektet, får kvart år tilsendt ein rapport som presenterer resultata for sin eigen skule.

Storelva skole har vore med i undersøkinga i fire år, og rektor Grete Ollila meiner det er høgst naudsynt å vere med i studien:

– Det rører oss som fagpersonar å få presis og tydeleg informasjon på denne måten. Det skapar eit engasjement på skulen for å gripe fatt i viktige problemstillingar for å vere i læring og i utvikling. Denne forskinga betyr mykje for oss i kvardagen, meiner Ollila.

Grete Ollila, rektor ved Storelva skole, fotografert framfor kunstverk

Rektor ved Storelva skole i Tromsø, Grete Ollila, er glad for at skulen er med på forskingsprosjektet og får kartlagt sine utfordringar.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK