NRK Meny
Normal

– Vi føler ikkje den same angsten for at det skal skje eit så stort utbrot igjen

Harstadværingen Lena Dagsvold i Liberia fryktar ikkje nye massive ebola-utbrot. – Vi har aldri vore betre rusta mot viruset, seier ho.

Lena Dagsvold

Lena Dagsvold bur i det vest-afrikanske landet Liberia saman med mann og barn.

Foto: Privat

Lena Dagsvold frå Harstad bur i hovudstaden Monrovia i det vest-afrikanske landet Liberia, eit av landa som blei hardast ramma av ebolaviruset i 2014 og 2015. Denne veka erklærte WHO (Verdas helseorganisasjon) Vest-Afrika ebolautbrotet for over, og torsdag blei Liberia som det siste landet i regionen erklært fritt for ebola.

Kun kort tid etterpå kom det ei melding om at ein person skal ha dødd av ebola i Sierra Leone.

Dagsvold, som til dagleg jobbar som veterinær, seier at det no er mykje meir kunnskap om kva ein skal gjere dersom viruset bryt ut på nytt:

– Vi har aldri visst så mykje om ebolaviruset som vi gjer i dag. Det vi veit i dag om ebola, gjer at vi er mykje sterkare no. Viruset er veldig, veldig smittsamt, men så lenge ein har kunnskap om korleis ein skal behandle folk, er alt mykje enklare.

Dagsvold seier at beredskapen er mykje betre no enn for nokre år sidan.

– Dei er veldig flinke til å spore tilbake alle personar, isolere alle og følgje opp for å finne kjelda til utbrotet. Vi føler ikkje den same angsten for at det skal skje eit så stort utbrot igjen. Sengekapasiteten er langt større, legekapasiteten er mykje betre enn den nokon gong har vore, seier Dagsvold til NRK på telefon frå Liberia.

HEALTH-EBOLA/GUINEA A health worker enters a tent in an Ebola virus treatment center in Conakry

Sjølv om WHO har erklært ebolaepidemien for over, fryktar mange at viruset vil blusse opp igjen.

Foto: STRINGER / Reuters

Viruset pregar kvardagen

NRK har tidlegare snakka med Dagsvold om liberiautbrotet i landet. I 2014 blei det gjort ei stor kronerulling for å få familien heim da viruset herja som verst. Ho har gjort seg mange tankar om eventuelle nye utbrot.

– Det er sjølvsagt veldig trist når ein høyrer om at det kjem tilbake. Det er forstyrrande. På den andre sida så frykter vi ikkje at det skal bli så stort igjen, seier Dagsvold.

Epidemien har sett sine spor i landet, og det er vanskeleg å kome seg på beina, fortel harstadkvinna.

– Vi håpar på betre utbygging av sjukehus og helsetenester her, og vi håpar at når vi endeleg kjem oss over ebolastempelet, så vil landet bygge seg opp igjen økonomisk. Det som har skjedd har vore ein økonomisk katastrofe. Mange investorar har meldt seg ut og folk er redde for å reise hit.

Til neste år skal Liberia velgje ny president. Håpet er ein som vil bygge opp landet.

– Det blir pumpa enorme summar inn i landet for å utvikle det. Samtidig ser vi at dei rike blir rikare, og dei fattige blir fattigare. Så takk og pris for organisasjonar som Redd Barna og WHO som forsto fara da ebolaen kom, og prøvde å halde pengane inne i sine organisasjonar og halde dei borte frå regjeringa, for der går det mykje pengar inn, seier Dagsvold.