Hopp til innhold

– Utan eit lik kan ein aldri vere sikker på kva som har skjedd

Politiet vil få vanskar med å ta ut tiltale i Vålnes-saka, meiner krimforfatter og tidlegare politietterforskar Jørn Lier Horst. I går blei søket under Vollan gjestestue avslutta utan resultat.

Jørn Lier Horst

– Det er ei stor utfordring for påtalemyndigheitene at politiet ikkje har funnet ei lik, meiner krimforfattar og tidlegare politietterforskar Jørn Lier Horst.

Foto: NRK

– Eg er overraska over utfallet. Politiet følte seg vel nokså sikre på at dei ville gjere funn. Men eg meiner samtidig at det var riktig av dei å gjennomføre den aksjonen dei har gjort no. For viss ikkje, ville ein bli ståande igjen i uvisse.

Det seier krimforfattaren Jørn Lier Horst, som har lang fartstid som politietterforskar. Han har tidlegare sagt til NRK at han trur Vålnes-saka vil få ein heilt spesiell plass i norsk krimhistorie.

Meir enn fire år har gått sidan Vålnes forsvann etter feiringa av sin eigen 50-årsdag.

– Politiet hadde ikkje noko val

I nesten fire månadar leita politiet etter leivningane av den forsvunnede Per Vålnes i bygningsmassane på Vollan gjestestue i Nordkjosbotn i Balsfjord.

Politiet har endevendt grunnen under gjestestua, utan å finne spor etter Vålnes, som politiet meiner er tatt av dage.

Tre personar er sikta for drap, men alle nektar skyld.

– Utan eit lik kan ein aldri vere sikker på kva som har skjedd. Eg kjenner jo ikkje saka frå innsida, men å ikkje ha eit lik er ei stor utfordring for påtalemyndigheitene, meiner Horst.

Hadde politiet noko val da dei fekk tips om at Per Vålnes låg gravlagt under Vollan gjestestue?

– Eg meiner dei ikkje hadde noko val. Og det var meir enn berre tips, det var velbegrunna funderingar som låg til grunn, og da meiner eg det var heilt riktig å gjere det.

Forsvarer pengebruken

Det har gått med rundt 30 millionar kroner på søket etter Vålnes. Horst meiner det er store summar, men at det er forsvarleg:

– Dette er ressursar som ikkje ville ha blitt brukt på noko anna, dette er egne pengar som kjem inn.

Den tidlegare politietterforskaren trur den storstilte leitinga etter Vålnes har styrka politiet sin suverenitet.

– Det viser at politiet ikkje lar seg styre av pengar eller politikk, men at dei følgjer dei etterforskningsforskriftene som er nødvendige.

  • SJÅ VIDEO FRÅ DA NRK BESØKTE HORST:
    Per Vålnes-saken vil få en helt spesiell plass i norsk krim-historie. Det mener krimforfatter Jørn Lier Horst. 
Fra sin skrivestue i Stavern følger han drapssaken i Troms nøye. 
I morgen graver politiet videre etter den antatt drepte to-barnsfaren.