NRK Meny
Normal

– I dag blir det vakkert!

Skal du ut på ski i påska? Da er i dag dagen!

Vinterlek

I dag blir det pent vêr i Troms, skal ein tru meteorologen.

Foto: Tor Richardsen / SCANPIX

– I dag blir det vakkert!

Det er beskjeden frå vakthavande meteorolog på Vêrvarslinga for Nord-Norge, Trond Robertsen, på årets skjærtorsdag.

– Troms får i dag flott vêr, med sol og skiftande bris. Dagen i dag er dagen for godt vêr, med flotte snøforhold, legg meteorologen til.

Og skal ein tru meteorologen, så gjeld det å gripe dagen i dag. For akkurat no er det lite vind, få skyar, og kun stadvis er det enkelte snøbygar no først på dagen. I kveld snur det, fortel Robertsen.

– I kveld kjem det meir skyar inn, noko er på gong. I morgon drar det seg til med vind frå sørvest, meir skyar og litt sny. Utover dagen og kvelden i morgon blir det meir vind, temperaturen stig og det vil kome nedbør som snø, sludd og regn.

  • Hald deg oppdatert på siste nytt om påskevêret her!

Pent på Svalbard

Det er ikkje berre Troms som får ein flott skjærtorsdag. Det ser også ut til at det blir ein riktig vakker påskedag på Nordenskiöld Land på Spitsbergen i dag.

– Der er det enkelt og greit skiftande bris og stort sett pent vêr. Det held seg til i morgon, men der kan det kome litt snø på austsida, seier Robertsen og legg til:

– Der blir det ei flott påske!

Snøskredfara ligg på faregrad 2, moderat, både i Troms og på Nordenskiöld Land på Svalbard.

Laster Twitter-innhold