– For meg er radio magisk

Livet til programleiar Sigrid Agnethe Hansen har vore prega av radio.

Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansen er en av radioprogramlederne i NRK Troms.

Foto: Petter Strøm / NRK

Eg vaks opp med radio: I heimen vår sto alltid radioen på om morningen, og kvar laurdag var det «Popquiz» og «P.I.L.S». Viggo Valle er lyden av påske der eg vaks opp, og etterkvart som eg blei eldre, måtte eg høyre kvar einaste episode av «Radioresepsjonen».

Eg har alltid likt radio; dei ulike stemmane, ulike tema, å ha nokon der mens eg lagar middag. Og heilt sidan eg var ganske ung, har eg hatt lyst til å vere ein av dei som får vere inni radioen til folk og kome ut i romma deira.

Eg starta i Radio Harstad da eg var 14, og las bursdagshelsingar og lodda ut kinobillettar. Så gjekk det nokre år utan radioen, og plutseleg var eg på plass i NRK og fekk leike meg med radio igjen. Dette funka for meg - dette fekk eg til og dette var så himla gøy! Derfor var sjølvsagt gleda stor da Nina spurte meg ein dag eg kom på jobb om eg kunne tenke meg å vere programleiar for morrasendinga gjennom sommaren.

Eg trur aldri eg har svart ja så fort på noko som helst før.

Mange spør meg korleis det er å stå opp klokka 04 om morraen og gå på jobb. Korleis ein klarer det ei veke i strekk.

Svaret på det er enkelt: For meg er radio magisk. Å få vere saman med folk når dei gjer seg klar for dagen, å gje folk ein god start på dagen, det er ei kjensle ein blir hekta på. Ein god gjest, ein god reportasje, ei god vêrmelding, det gjer at ting svingar. Ved hjelp av dyktige medarbeidarar som leverer godt stoff blir sendinga til, og så er det berre for meg å styre skuta mot det som eg håpar blir ein god morra for dei som høyrer på der ute.