NRK Meny
Normal

– For dårleg at menn ikkje får eit fullverdig tilbod på krisesenteret

Det hastar å få på plass eit bo-tilbod for menn ved Krisesenteret i Tromsø og omland, meiner dagleg leiar.

Thinking man

Menn må få eit betre tilbod ved krisesenteret, meiner dagleg leiar Hanne Stenvaag. Illustrasjonsfoto.

Foto: Colourbox

– Vi har ikkje moglegheit til å gje eit permanent bo-tilbod til menn i våre lokale. Vi ser fram til å få eit nytt bygg kor vi kan dekke desse behova og gje eit fullgodt tilbod.

Det fortel dagleg leiar for Krisesenteret i Tromsø og omland, Hanne Stenvaag.

Hanne Stenvåg

Hanne Stenvaag, dagleg leiar for Krisesenteret i Tromsø og omland.

Foto: Kaja Staude Mikalsen

Krisesenteret er eit tilbod til befolkninga i Tromsø, i tillegg til åtte kommunar i Nord-Troms. Dette er ei folkegruppe på nærmare 95.000.

I starten var krisesentera meint for kvinner som blei utsett for vald i nære relasjonar, men i januar 2010 blei det lovfesta at både kvinner og menn har krav på buplass ved krisesentera.

Men på grunn av kapasitetsutfordringar er det vanskeleg å gje menn eit fullgodt tilbod.

– Bo-tilbodet er per i dag ikkje bra nok for menn, meiner Stenvaag.

Tabubelagt

Stenvaag fortel at det på landsbasis har vore ei auke i talet på menn som tar kontakt med krisesentera, men at det er vanskeleg å seie noko om lokale tal.

– Fordi vi ikkje har eit godt nok tilbod til menn, så har vi ikkje vore så mykje ute og reklamert med at krisesentera faktisk er for menn også. Det vil vi ha fokus på når eit nytt senter er på plass og vi har eit fullverdig tilbod til menn, seier Stenvaag og legg til:

– Vald i nære relasjonar er nok litt tabubelagt for menn, men forsking viser at menn er utsett for vald i nære relasjonar.

Kor viktig er det at folk kan oppsøke krisesenter i ein vanskeleg situasjon?

– For mange handlar det om akutt å kome seg ut av heimen når ein ikkje kan bu heime på grunn av vald. For nokre er dagtilbodet viktig i ein fase kor ein treng å gjere endringar i livet. For andre handlar det om å ha ein stad å kome til for å få hjelp til å kome ut av eit destruktivt forhold.

For dårleg

Stenvaag seier det hastar å få bygd eit nytt krisesenter. I dagens krisesenter er det buplass for opptil fire familiar.

– Det er ikkje så mykje for ei befolkning på nesten 95.000. Kapasiteten er altfor dårleg, seier Stenvaag.

Korleis vil du skildre standarden på dagens krisesenter?

– Den er absolutt for dårleg. Det er lytt mellom romma, og det er utfordrande å leve tett på andre som er i ein vanskeleg situasjon. Det er viktig å ha ein akseptabel standard, med eiget bad og nok kapasitet til å ta imot dei som treng hjelp.

Stenvaag legg til at det er vedtatt å bygge eit nytt krisesenter, men at det er vanskeleg å seie noko om når det skal stå klart. Ho håpar det vil vere på plass innan to år.